Romsdalsraid dag 4: Nydelig nedkøyring på Finnan (06.06.2016)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Map
Ascents Finnan (1,786m) 06.06.2016

Dag 4 på Romsdalsraidet stod neste kremtopp for tur, nok ein stortopp: Finnan. Eg var litt spent då ruta går over bre, med eit bratt og noko eksponert stykke opp mot ryggen (FriFlyt Toppturar i Romsdalen). Dette var ein mandag, og mindre folk i fjellet, men eg såg to stykker starte på turen, så då tenkte eg at eg er i det minste ikkje aleine der oppe. Så får ein berre bruke augene og snu om det skulle bli for hårete.

Kanskje høyrest dette defansivt ut, men eg har stor respekt for å gå gradene på slike turar - og eg har ikkje vore på så mange skitoppturar. Går ein aleine bør ein vere ekstra forsiktig.

I motsetning til gårsdagens tur på Breitinden kunne eg i dag ta på skia ved vegen. Sidan eg var så tidlig ute at eg fikk isete snø i går venta eg litt lenger i dag, og var ikkje i gang før 12:30. Det var slush noko bratt før eg kom opp på breen. Herifå var det veldig behagelig og jamn stigning opp mot ryggen. Bresprekker såg eg veldig lite til. Eg holdt litt mot nordsida for å ikkje vere i skuddlinja for skavlskred frå Alnestinden.

Dei to i førevegen gikk lett opp til ryggen, så eg tenkte det skulle vere greit å prøve. Her var det trakka ein skikkelig catwalk, så det baud ikkje på problem. Så var det 150 meter opp til ura, der eg tok av skia og gikk resten i joggesko. Eg kunne med fordel ha tatt med skia, for ura vara berre i 50 meter, så var det samanhengande snø resten.

På toppen var det godt over 20 grader og heilt stilt. Eg sat her heilt aleine i kanskje ein time. Utrulig utsikt, ein såg både Lodalskåpa og Gjegnen herifrå.

Sunnmørsalpar med Lodalskåpa og Gjegnen i det fjerne. Til Gjegnen er det 117 km i luftlinje. Det er om lag det same som Breheim-maratonet til 500fjell. Det set ting i perspektiv.
Sunnmørsalpar med Lodalskåpa og Gjegnen i det fjerne. Til Gjegnen er det 117 km i luftlinje. Det er om lag det same som Breheim-maratonet til 500fjell. Det set ting i perspektiv.
Skibakken
Skibakken

Nedatt var det 1000 meter med perfekt slush akkurat passe bratt til at ein kunne gi på. Turen stoppa på vegskuldra. Fantastisk nedkøyring! Deretter vart det eit bad i iskanten i Alnesvatnet. EKSTREMT høg livskvalitet ute og gikk!

Her enda turen.
Her enda turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.