Nydeleg ettermiddag på Eidskyrkja 1482 Høgast i Volda (02.06.2016)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Turlengde 4t 29min
Distanse 10,7km
Høydemeter 1065m
GPS
Bestigninger Eidskyrkja (1482moh) 02.06.2016

Den finaste tida, det er lenge lyst og det vart ein fin ettermiddagstur etter jobb. Eg synast det er kjekt med turfelleskap, men enkelte dagar og mange ganger er det fint å være i total einsemd og ro ilag med naturen. I dag vart det ein sånn tur på Eidskyrkja og som har vore tenkt ei god stund, målet var eigentleg tenkt den 12.03.16 ilag med Ove! Det var tjukk skodde den dagen og eg slo ifrå meg toppen. Kjekt å kunne nyte utsikta ifrå fine hovudtoppar og det vart Sunndalsnipa istadenfor då. Etter turen i dag på Eidskyrkja, tenker eg nok at Sunndalsnipa er ein finare topp til tross for den vekslande skodda me hadde og kanskje heller eit elendig skiføre på den turen. Eller eg skal kanskje ikkje berre skulde føret, eg var nok litt stivbeint etter ein litt større operasjon og skulle vel kanskje ikkje vore på den skituren!!! Eg hadde ikkje lese meg opp på kart eller turapportar til turen i dag og derfor ein litt variabel sporlogg. Kan kanskje anbefale å følge returen i sti opp, spesielt om du har ski på sekken. Fint å parkere ved Grøndalsstølen med skilting derifra og med god sti. Fint er det også å krysse oppe ved Fantekrålvatnet. Men uansett så er eg nøgd med dagens tolmodtest i tett bjørkeskog på alternativ rute og det vart då ein fin rundtur... Faktisk :) Ingen å sjå i fjellheimen

Mot Eidskyrkja 1482 og Sunndalsnipa
Mot Eidskyrkja 1482 og Sunndalsnipa
Mot Sunndalsnipa 1396 moh
Mot Sunndalsnipa 1396 moh
Nydeleg varde på Eidskyrkja 1482
Nydeleg varde på Eidskyrkja 1482
Nesten vindstille på toppen og hærleg å nyte den fantasifulle nistepakken min med kvitost. Intet anna menneske å skue...Kun ein kvitrande snøspurv som selskap :)
Nesten vindstille på toppen og hærleg å nyte den fantasifulle nistepakken min med kvitost. Intet anna menneske å skue...Kun ein kvitrande snøspurv som selskap :)
Var varmt nede ved Fantekrålvatnet, men det frista ikkje å teste badetemperaturen.....
Var varmt nede ved Fantekrålvatnet, men det frista ikkje å teste badetemperaturen.....
Ganske så elegant kryssing av elvemunnet oppe ved  Fantekrålvatnet 801 moh ....
Ganske så elegant kryssing av elvemunnet oppe ved Fantekrålvatnet 801 moh ....
Ved Grøndalsstølen kan du parkere og følge tydelig sti opp til Fantekrålvatnet ifrå støylane.
Ved Grøndalsstølen kan du parkere og følge tydelig sti opp til Fantekrålvatnet ifrå støylane.
Vakre omgivelsar ved det bra store Grøndalsvatnet
Vakre omgivelsar ved det bra store Grøndalsvatnet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.