Sommarkveld i Oslomarka (31.05.2016)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Duration 4h 30min
Distance 10.0km
Vertical meters 300m
Map
Ascents Stutehaugen (466m) 31.05.2016

For ein vakker kveld det har vore i dag! Sykla heim og laga niste, pakka sekk og heiv hunden og alt i bilen. Køyrde til Maridalen skole, der eg parkerte ved bommen på venstre hand før ein kjem til skolen. Starta kl 1700. Mange stigar å velje mellom mot Fagervann. Tok eit drag lengst mot vest, men mista den stigen etter kvart, så eg gjekk i terrenget til eg kom inn på ein kraftigere stig eit stykke lengre opp. Ganske dryg stigning opp til Fagervann i grunnen. Målte 3,6 km og trur det må vere ca 250-300 hm. Vel oppe bada eg ved hytta (som ein kjenning av vener eig), og så smakte det godt med niste og avis og te! Sat på brygga og koste meg kanskje ein time før eg gjekk vidare rundt vatnet, og byrja å leite etter Stutehaugen. Hadde ikkje med kart, og gjekk difor først feil, hadde fått det for meg at toppen låg rett nord for vatnet. Men peakbook redda meg, eg fann eit GPS-spor i ein rapport der, og dermed fann eg etter kvart toppen. Deilig å drive rundt i terrenget i ein varm sommarkveld slik. Litt trollskog, og deilig svalt innimellom trestomnane. Gaukesyre, lysegrøn blåbærlyng og fuglesang med låg sol ettersom det leid på. Gjekk tilbake til Fagervann, og følgde denne gongen hovedløypa, blåmerkt og brei ned til bilen. Det var 26 i skuggen då eg starta frå bilen, og 19 då eg kom tilbake etter kl halv ti. GPS-klokka logga km medan eg sat stille på Fagervann, så det blei litt tull med avstand og også høgdemetrane, kanskje fordi eg sumde med klokka på? Men eg tenkjer at eg har gått ca 10 km, kanskje litt meir, og kanskje ca 300 hm? Uncas var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.