Famileforsøk på Kjerringklumpen (aka. Myrholet) (22.05.2016)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Revelltun (98m)
Endpoint Revelltun (50m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 25min
Distance 8.2km
Vertical meters 534m
GPS
Ascents Kjerringklumpen (601m) 22.05.2016 not summited
Visits of other PBEs Revelltun (123m) 22.05.2016

Våren er komen, og den ferske familiefar og toppentusiast har studert kartet i det vide og breide for å finne ein passande tur for og lufte familien. Valet fall på Kjerringklumpen på Fosen, ein topp eg tenkte hadde passelig gåavstand, flott usikt og ikkje minst ein respektabel primærfaktor.

Planen var like enkel som den var feilbarlig: stå opp søndag morgen, ete frokost, snøre på seg joggeskoa, hoppe på Fosenferga og ete sveler. Parkere på Revelltun og plassere junior i nøye utvald korrekt ergonomisk utforma bæreseletøy, bagge klumpen i nydelig vårvær (kanskje tilogmed ta med Brattliklumpen på veg ned!), for så og chille med softis på ferga medan eg doserte til kona om kor enkelt det er å ta med ungar på tur om ein berre vil.

Spennande kulturhistorie ved Revelltun
Spennande kulturhistorie ved Revelltun

Det gikk ikkje akkurat slik. Eller, mange av punkta gikk bra, fram til Revelltun. Der møtte vi ei kjæring (ja nettopp, og ikkje så uventa vil kanskje mange seie?). Kjæm de heilt frå byn å skal gå Kjerringklumpen? spurte ho. Ja, sa vi - er det god sti? Nei, sa ho. Det er god veg eit stykke, så godt merka vidare. Det høyrdest ut som god sti for oss, og eg tenkte på fine tørre svaberg over tregrensa, medan eg tenkte at Kjerringklumpen jo var eit litt spakt navn for ein topp med så flott primærfaktor.

Det gikk i grunnen fint opp til tregrensa - junior sugde inn naturinntrykk for harde livet, og sovna til slutt av heile greia. Over tregrensa vart stien rimelig blaut. Faktisk byrja eg å lure om stien systematisk følgde myrsiget heile vegen til toppen. Eit særs vel-varda myrsig.

Men så skrudde fineværet over til trøndersommar: regn. Eskil vart pakka vekk under ei presenning, og vi vassa standhaftig vidare. Toppen var lenger vekk enn eg tykte var komfortabelt. Kona, som hadde bestemt seg for å vere positiv, var positiv, så toppinstinktet mitt fikk ikkje motstand, og vi rota oss vidare.

Det er viktig at ungane får gode opplevingar i naturen - TIDLIG
Det er viktig at ungane får gode opplevingar i naturen - TIDLIG

Vi kom opp i snøen, og resten av vegen gjekk på snøfonner. Vi såg bort på toppen - den var ikkje langt vekk. Eg såg for mitt indre auge meg sjølv skli på søkkblaute joggesko (ja nettopp, joggesko ja. Terrengjoggesko vel og merke, men av det nedslitne slaget) med skrikande smågut på magen ned myrkledde snøfonner og forsvinne i myra der nede ein stad.

Vi snudde - nederlaget var eit faktum. Turleiar måtte erkjenne at opplegget MOGLEGEINS var noko ambisiøst. Junior sov heldigvis heile vegen ned, og vi unngikk også og møte att kjæringa som hadde sendt oss advarselen om dårleg sti.

Heile familien kosar seg i trøndersola
Heile familien kosar seg i trøndersola

Vel nede att steig temperaturen og Eskil vakna, uvitande om uværsdramaet han nett hadde vore gjennom. Eg forklara han litt om skilnaden mellom bjørk og selje, før det vart softis i Vannvika medan turledar reflekterte over dagens lærdomar: dette er kanskje den verste stien eg har gått på. Og mykje av det som kallast "anmarsjsko" er mest laga for tørre spaserturar i mellomeuropa. Slikt blir det turrapport av!

Mennesket i naturen.
Mennesket i naturen.

GPS-dataa er ikkje heilt nøyaktige då vi byrja litt lenger nede enn parkeinga (google maps) og gløymde å skru av gps'en då vi sette oss i bilen. Ellers såg vi fleire som gjekk ryggen til nord-aust for vår sti, og det kan godt være eit bedre alternativ til myrkaoset. Skal eg gå her igjen skal det enten vere barfrost eller på ski!

Start date 22.05.2016 11:33
(UTC+01:00 DST)
End date 22.05.2016 14:58
(UTC+01:00 DST)
Total Time 3h 25min
Moving Time 2h 36min
Stopped Time 0h 48min
Overall Average 2.4km/h
Moving Average 3.1km/h
Distance 8.2km
Vertical meters 533m

User comments

  • -
    avatar

    Presenning

    Written by gurokrst 07.06.2016 11:59

    Jeg er glad for at kona til Eskils turleder har skaffet ham en presenning.

    • -
      avatar

      Sv: Presenning

      Written by kobbenes 07.06.2016 21:43

      kona til eskils turledar var veldig glad for at turledar hadde tatt med presenning. det hadde nemlig ikkje ho tenkt på.

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 23.05.2016 14:28

    Herlig lesning som vanlig :-) Nederlaget er til å ta og føle på ... ;-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 23.05.2016 14:31

      takk for det! då regnet kom forstod eg at dette vart turrapport ;-)

  • -
    avatar

    Dette...

    Written by waaktaar 22.05.2016 22:13

    høres velkjent ut.

    Hadde en sånn tur i går (med litt større unger) der jeg etter å ha tråkket spor i snøen (iført joggesko) i en time og båret unger over digre snøfonner (i omganger) måtte erkjenne nederlaget. Trodde et øyeblikk jeg skulle få alvorlige forfrysninger, men unngikk det heldigvis..

    • -
      avatar

      Sv: Dette...

      Written by kobbenes 22.05.2016 22:19

      i omgangar ja? godt gjort ;-) usikker på om det ståpå-viljen eller overmotet som slår inn i slike situasjonar :-D

  • -
    avatar

    Klok retrett

    Written by SturlaS 22.05.2016 20:19

    Du gjorde nok rett i år snu! Kjerringklumpen er ei lunefull kjærring som må håndteres med omhu. Jeg tok turen i joggesko i fjor og skled på svaberg innsmurt i gjørme på returen. Det ødela stort sett hele klatresesongen..

    • -
      avatar

      Sv: Klok retrett

      Written by kobbenes 22.05.2016 20:38

      ja nettopp ja, der har du det!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.