Skjåk: Skridulaupen (21.05.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Grotli (910m)
Endpoint Grotli (910m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 45min
Distance 19.1km
Vertical meters 1,155m
Map
Ascents Skridulaupen (1,962m) 21.05.2016
Turfølgje frå MNT på vei mot Skridulaupen.
Turfølgje frå MNT på vei mot Skridulaupen.

For første gang i min karriere skulle eg gå ein tur i turlagsregi. Dag Apalseth frå Sandane og eg var turleiarar til Skridulaupen for Midtre Nordfjord Turlag. Oppmøtet på Rutebilstasjonen på Nordfjordeid var ikkje stort, men eit veldig spenn i alder og geografi. Kroksleiven stilde med kona til Gustav, ho er frå Nederland. Ein tysk gut i starten av 20-åra. Ein sunnmøring på 70 og onkelen til Dag som er 65. Vi vart 7 stk totalt. Grått gjennom Stryn kommune, men oppe på Strynefjellet klarna det opp. Kunne ta på skia ved vinterparkeringa sør for hovudveien på Grotli. Gjekk over brua ved Morådalslægret og peila oss inn mot Skridulaupen. Det ser bratt ut opp den breen på nordsida, men den sida legg seg veldig når ein nærmar seg slik det ofte brukar å gjere. Turen var prega av høg temperatur og sol, men idet vi nærmar oss toppen skya det litt over og oppe på toppryggen var det ein enorm vind. Det vart ingen toppfoto, folk kom litt etterkvarandre og snudde umiddelbart. Det var heller ikkje aktuelt å gå til den andre toppen lenger aust. Vi tok ein lenger pause etter å ha svinga oss ned breen igjen. Returen la vi over den andre brua oppe ved vatnet. Herifrå kunne vi gli heilt ned til parkeringa igjen. Fin tur og god stemning.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.