Øytoppar i den vestligaste og finaste kommunen i Norge. (14.05.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Solund
Characteristic Hike
Distance 11.5km
Vertical meters 947m
Map
Ascents Bertelfjellet (177m) 14.05.2016
Hammarstakken (159m) 14.05.2016
Hamnafjellet (226m) 14.05.2016
Vardefjellet (315m) 14.05.2016

Virkelig langhelg med Pinse og 17 mai med gode værmeldingar og fri mandag- tysdag. Då må ein nytte tida maksimalt. Hadde tenkt å ta med kajakk utover, men det var kuling varsel og låg temperatur. Med landfaste toppar på lista, var valget greit å utsette kajakktoppane til seinare i sommar. Målet er også optimal ro og kos med desse turane :) Om den ikkje finnast i utgangspunktet så kjem den garantert idet ferja nærmar seg Krakhella. Dei fleste i familen min var allerede heime på Færøyna i Nord Solund. Eg er vel einaste utskuddet i familien som spring etter fjell og likar å ligge i telt. Men det gode er at det faktisk er akseptert og far min som er lærar elskar kart, historie og geografi og då har vi linken og fellesnevnaren :) Eg hadde bestemt meg for å telte ute ved Tangeneset ved siste fjelltopp, Hammarstakken. Avtalte å bli henta kl 10.00 neste morgon på Hersvikbygda av far min dersom nordavinden ikkje var for hard. Alt av ruter er innstilt på raude dagar her ute! Tangeneset har fått ny veg og familen som bur her var med i Torje Bjellaas og Uglum sitt program "Der ingen skulle tru att nokon kunne bu"
https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/dksf47000114/sesong-14/episode-1

Ifrå Hamnafjellet 226 moh Krakhellesundet, Losna til venstre og ferjekaia på Krakhella
Ifrå Hamnafjellet 226 moh Krakhellesundet, Losna til venstre og ferjekaia på Krakhella
Tek av ifrå riksveg 606 og ved Dumba. Øykefjellet 173 moh ibakgrunn på bildet, vidare herifrå til Engevika og Bertelfjellet 177 moh
Tek av ifrå riksveg 606 og ved Dumba. Øykefjellet 173 moh ibakgrunn på bildet, vidare herifrå til Engevika og Bertelfjellet 177 moh
Ved Bertelfjellet 177 moh
Ved Bertelfjellet 177 moh
Ifrå Bertelfjellet 177 moh mot Krakhellenipa 569 og Mednipa 558
Ifrå Bertelfjellet 177 moh mot Krakhellenipa 569 og Mednipa 558
Ifrå Bertelfjellet 177 moh mot Alden
Ifrå Bertelfjellet 177 moh mot Alden
Ifrå Hammarstakken 159 moh mot Tangeneset. Artig å sjå skjeringane i terrenget nord/sør ifrå Istida og som viser godt mange stader i heile Solund
Ifrå Hammarstakken 159 moh mot Tangeneset. Artig å sjå skjeringane i terrenget nord/sør ifrå Istida og som viser godt mange stader i heile Solund
Ifrå Hammarstakken 159 moh
Ifrå Hammarstakken 159 moh
Ifrå Vardefjellet 315 moh mot Hammarstakken og Ytre Sula
Ifrå Vardefjellet 315 moh mot Hammarstakken og Ytre Sula
Ifrå Vardefjellet 315 moh mot Lågøyna, Nord Solund og Alden bakerst
Ifrå Vardefjellet 315 moh mot Lågøyna, Nord Solund og Alden bakerst
Hammarstakken og Tangeneset
Hammarstakken og Tangeneset
Koseleg velkomst på Tangeneset
Koseleg velkomst på Tangeneset
Nyter roen, havdønningane og solnedgangen ifrå Tangeneset
Nyter roen, havdønningane og solnedgangen ifrå Tangeneset
Den finaste teltstaden i Tangeneset
Den finaste teltstaden i Tangeneset

User comments

  • -
    avatar

    Vakkert

    Written by Firing 22.05.2016 17:29

    Hadde planer om padling i Solund i pinsen, men melding om sterk vind og i overkant langt å kjøre (fra Tønsberg) droppa vi det. Fikk ikke noe mindre lyst å dra dit nå :-) Står som plan B i sommerferien.

    Og ja, Karlsøy kan anbefales!

    • -
      avatar

      Sv: Vakkert

      Written by Eikås 23.05.2016 20:02

      Takk og så koseleg å høyre :) Dåke må jammen ta ei langhelg til sommaren og padle til Utvær fyr, Norges vestligaste punkt. Overnatte på Råkeneset DNTs si vestligaste hytte :) http://www.ut.no/hytte/3.1594/ Måtte inn å sjå litt på turane dine...Flott 17 mai padletur de hadde på ein sånn dag. Det er då å forstår kor fint me har det :)

  • -
    avatar

    Solund

    Written by otto 20.05.2016 20:04

    Tipper det blir godvær i Nord Norge i år. Har tenkt oss en tur eller tre vi også. Kanskje treffes vi der..

    • -
      avatar

      Sv: Solund

      Written by Eikås 20.05.2016 23:27

      Stoler på deg otto ;) Ja...tenk om det lager seg sånn! Det hadde vore kjempestas:) Men ein fellestur og kaffe fikser vi før det :)

  • -
    avatar

    Solund

    Written by otto 16.05.2016 23:13

    Du er skikkelig patriotisk Janne og sånn skal det være. Mange flotte minner var det fra øyhopping i vest. Husker vi kåret Karlsøy i Troms til Norges flotteste øy-kommune. Ha en fin 17 mai feiring.

    • -
      avatar

      Sv: Solund

      Written by Eikås 20.05.2016 19:04

      He-he Ja..eg er nok litt patriotisk Otto :) Men eg ser også at det finnast så uendeleg mange vakre eller vakrare naturperler med sitt særpreg rundt omkring. Eg har då ikkje vore nord for de 7 søstre og etter vi hadde den fellesturen :) Så eg gleder meg til å sjå Karlsøy i Troms ;) Planen er å reise oppover nokre veker no på seinsommar :) Håper at ikkje alt godværet som har vore er oppbrukt!!! :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.