Finito Hareid og Ulstein (15.05.2016)

Written by Lukken (Ole André Lukkedal)

Map
Ascents Blåtind (697m) 15.05.2016
Eikenakken (123m) 15.05.2016
Gardnestua (654m) 15.05.2016
Haddalshornet (611m) 15.05.2016
Kongsvollen (683m) 15.05.2016
Løkeberget (579m) 15.05.2016
Røyrafjellet (123m) 15.05.2016

Flott å ha ein dag til bruk og satt meg som mål å verte ferdig med Hareid og Ulstein kommune. Tåka låg godt ned i fjellet så eg starta med dei to minste toppane. Røyrafjellet var ein fin tur på flott sti, mens Eikenakken gav litt motstand då eg ikkje fant noko sti dit. Det vart difor ein ein rufsetur i skog og kratt ein peakbagger verdig.

Gikk opp til Haddalshornet via Klungsdalen med ein litt direct approach ala Arnt Flatmo, så opp mot Blåtind via Grøthornet. Her tilsa superenkel forskning at det det var lurt å ta Kongsvollen også i staden for å ta den fra andre sida så eg tok beina fatt videre. Returen gjekk via Hundelaupsvatnet og sida ned mot Haddal. Denne turen gjekk i sol, snø og skikkelig styrtregn siste 10 minutta. Alt det beste Sunnmøre har og by på :-)

Etter å ha spist ein kjekspakke bar det i veg opp Ringsdalen med bil mot Løsetvatnet. Gjekk normalruta til Gardnestua før eg tok ein direktevariant rett opp mot Løkeberget.

Ein flott dag med mykje vêr og naturopplevingar. Såg mange Heiloer, Orrhøne, Orrhane, Ravn, Kråke, Hegre og avslutta med to harer i sommerpels på Løkeberget.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.