Hardhausen - 4 toppar på Jøsneset (15.05.2016)

Written by Tkleppa (Torborg Kleppa)

Map
Ascents Gunlanuten (829m) 15.05.2016
Herefjellet (694m) 15.05.2016
Røssenibben (718m) 15.05.2016
Valafjellet (712m) 15.05.2016
Gunlanuten
Gunlanuten

1.pinsedag kvart år arrangerer Jøsneset helselag og Jøsneset ungdomslag Hardhaus/3 nut-tur. Det er eit ypperleg høve til å få seg ein flott tur på fleire av toppane på Jøsneshalvøya.
Vår tur starta på Foss der me parkerte bilen. Derifrå er det ein dryg halvtimes tur på traktorveg opp til Foss-stemmen der me registrerar oss, og sjølve turen startar. Me gjekk for å fullføre 3 nuts-turen først, og starta med å gå vidare på traktrorvegen opp til Skiftustølvatnet. Her svingar løypa av austover, og me gjekk først til Valafjellet, deretter vidare til Gunlanuten, og til slutt til Røsseniben. Løypene er merkte, men det er råd å ta nokre snarvegar utanom dei merkte løypene.
Vel nede til Skiftustølvatnet gjekk me for å fullføra Hardhausen, og ta med oss Norda Høgaste på Herefjellet. Her i frå gjekk turen bratt ned igjen til Foss-stemmen.
Alt i alt ein fantastisk flott tur, med fin utsikt over Ryfylke, med fjordar, høgfjell og øyar.
Me brukte 5 og ein halv time på heile runden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.