Minneverdig kveld på Sotra (10.05.2016)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Duration 3h 30min
Distance 10.0km
Vertical meters 619m
Map
Ascents Førdesveten (284m) 10.05.2016
Liatårnet (341m) 10.05.2016
I Bergen på jobb, men ein heil blank ettermiddag og kveld ledig. Glad for at eg sende Knut ei melding på peakbook, for vips hadde eg middagsinvitasjon, sjåfør og skyss og turfølge på plass. Og vêret! Blikkstille og over 20 grader. Byrja med Førdesveten frå aust. Køyrde til Førdespollen og følgde skilt til høgre mot Førde. Derifrå var det godt merkt stig, og heller og steintrinn lagt ut slik at vi gjekk tørrskodde heilt opp. Møtte ein annan turgåar. Super utsikt og vakker kveldssol. Snøfjell i aust og havet som spegl mot vest. Var også bortom flyvraket, før vi gjekk ned i vårkvelden. 4,75 km, 1 t og 44 min, 285 hm.


Køyrde så nordover til parkeringa ved Fjell festning. Gjekk asfaltveg i eit kvarter før bratt stig mot toppen. Her var det mykje folk, og fleire av dei dreiv tydelegvis med det karstykket å springe opp og ned på tid. Ein vi møtte hadde rekord på 45 minutt t/r. Vi kom opp i varm kveldssol før den sokk i havet. Greitt nedatt. Då vi var ved bilen kl 2200, var sola gått ned, men kvelden framleis mild og nydeleg. Knut og Astrid var lokalkjend turfølge. Takk til dei! Denne andre turen var på 5,24 km, 1 t 46 min og 328 hm.

User comments

  • -
    avatar

    Takk for trivelige turer ...

    Written by knutsverre 14.05.2016 10:42

    På Sotra, Kristin! Det var veldig hyggelig å treffe deg igjen og å gå tur med deg! Virkelig en fantastisk fin vårkveld på Sotra!

    • -
      avatar

      Sv: Takk for trivelige turer .

      Written by bakken59 14.05.2016 20:41

      Kjem til å hugse denne vakre kvelden lenge!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.