Endelig vakre Hanekammen 1651 Grensetopp Jølster og Stryn (08.05.2016)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Haugadalen (566m)
Endpunkt Haugadalen (566m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 5h 32min
Entfernung 13,8km
Höhenmeter 1.217m
GPS
Besteigungen Hanekammen (1.651m) 08.05.2016

Dette er ein topp som har vore tenkt lenge men først og fremst på ski ifrå Stardalen i Jølster. Denne helga vart det berre bestemt utifrå vær og delvis føre...Det var nok eigentleg ikkje det beste med tanke på skred denne ruta!! Ganske så sommervarmt var det og stor snøsmelting. Det hadde gått ein del store snøskred i Jotunheimen og det drønna bra i fjella i Stardalen også desse døgna. Rasa i fjellsidene høyrdast godt om kvelden og om natta ifrå teltet vårt i Stardalen. Men vi tenkte som så at dette vurderar vi undervegs, ta nokre snøprofilar og det er ingen skam å snu!! Vi var 8 stk som starta ifrå litt under parkeringa ved Haugastøylane. Mange var også på veg til Snønipa denne dagen i godværet. Ved vår første matpause oppe ved Storevatnet, braut sola fram og det vart som ein hadde håpa på :) Eg vågar å tru at alle var overvelda av den fantastiske ville og nydelege naturen i dette området og vi tok oss rett og slett tid til foto, prat og bli kjent med nye turvenner i følget. Ein eventyrleg dag vart det ilag med Lillian Sætre, Kjell Lyngstad, Brit Siv Fimland, Svein Hovland, Jan Valberg, Thor Erik Nygård og Ingvald Kvåle

Fin matpause ved Storevatnet og sola bryter gjennom :)
Fin matpause ved Storevatnet og sola bryter gjennom :)
Siste platå under Hanekammen
Siste platå under Hanekammen
Ifrå Hanekammen med Snønipa ibakgrunn
Ifrå Hanekammen med Snønipa ibakgrunn
Endeleg Hanekammen og ein nydeleg Jølstratopp på ski :)
Endeleg Hanekammen og ein nydeleg Jølstratopp på ski :)

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.