Utsikt over Ryfylke - Bandåsen (08.05.2016)

Written by Tkleppa (Torborg Kleppa)

Map
Ascents Bandåsen (513m) 08.05.2016

Endeleg kom me oss på Bandåsen! Denne fjelltoppen har vore ein del av utsikten i store deler av livet. I mitt daglege virke ser eg på Bandåsen kvar dag frå kontoret mitt. eg ser sola skine på toppenn, og eg ser toppen bli gøymt i skodda. I dag blei dagen der turen gjekk til topps på Bandåsen. Me var to som starta turen allereie heime på Fister, med sykkeltur til Hjelmeland. Der kom resten av gjengen med og alle tok ferja over til Skipavik på Ombo, der me var ca 9.50. Me var to vaksen og fire barn i alderen 9 til 13. Frå Skipavik gjekk turen vidare på sykkel til Tjeltveit. Her sette me frå oss syklane og tok beina fatt. Turen går oppover lia på fin sti/ gammal kjerreveg. Me passerte Bragaholå, ein gammal husmannsplass, og vidare på traktorveg opp til Helgaland. Denne garden ligg høgt og fritt med utsikt over Hjelmelandsfjorden og Jøsneset. Frå Helgaland var det på sti igjen opp til toppen. Me var framme litt før 12. Ei fantanstisk utsikt rundt heile Ryfylkebassenget frå toppen!
Etter ein rask matpause gjekk turen ned igjen i ein rasande fart. Bandåsen -Skipavik på 55 min., og me nådde ferja frå Skipavik kl. 12.50. Puh!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.