Skjåk/Rauma: Billingen -> Karihøa (08.05.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Billingen (730m)
Endpoint Billingen (730m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 15h 00min
Distance 60.8km
Vertical meters 2,580m
Map
Ascents Karihøa (1,782m) 07.05.2016
Låggøymen (1,577m) 07.05.2016
Tordskyrkja (1,512m) 07.05.2016
Kupen (1,458m) 08.05.2016
Veltdalseggi (1,767m) 08.05.2016
Sør for Veltdalseggi (1,577m) 08.05.2016
Visits of other PBEs Torsbu (1,351m) 08.05.2016
Start ved liten parkeringslomme på Billingen
Start ved liten parkeringslomme på Billingen

Denne helga fekk eg med intet mindre enn 2 kollegaer frå Eid Ungdomsskule. Torleiv og Kristian er eit radarpar, til glede for mange elevar. No skulle eg få glede av humøret deira. Møttest på Nordfjordeid 0700, det betyr klar til å gå frå Billingen ca 0900. Parkerte nær hovudveien, der stod det alt 3-4 bilar. Eit par var på vei mot Skarvedalsområdet, dei andre var på Veltdalshytta fekk vi vite seinare.

Mot første topp Tordskyrkja, eller Tordalskirken som det står på metallplata på toppen.
Mot første topp Tordskyrkja, eller Tordalskirken som det står på metallplata på toppen.

Vi tok på oss skia med ein gong, registrerte at snøen var veldig våt ja. Kryssa brua over Torda 800 moh og gjekk oppover mot Låggøymen. Føret var tungt. Etter litt felleproblematikk vart føret bedre frå 12-1300 moh. Holdt fram over vatn 1370, vest for Låggøymen og heilt nord til skaret mellom denne og Tordskyrkja. Her sette vi igjen sekkane og gjekk lett dei ca 100 høgdemeterane til toppen. Kroksleiven kunne feire sin pf 100 nr 400!

Torleiv og Kristian på Tordskyrkja. Torleiv sin topp nr 400 pf 100
Torleiv og Kristian på Tordskyrkja. Torleiv sin topp nr 400 pf 100

Tilbake til sekkane og nye lette høgdemeter til Låggøymen. Her tok vi av fellene, og sidan hadde vi dei ikkje på heile helga. Eit legendarisk sugeføre, i tillegg til ski utan for mykje gliding og vedlikehold, gjorde at vi hadde spikarfeste resten av turen. Og tilsvarande dårleg gli framover.

På vei nordover frå Låggøymen. Torsbu heilt til høgre i bildet, neste topp Karihøa langt der framme
På vei nordover frå Låggøymen. Torsbu heilt til høgre i bildet, neste topp Karihøa langt der framme

Veret hadde til no vært grått og litt trist, men etter Låggøymen klarna det opp og sola fekk skikkeleg tak. Framme ved Torsbu vart det gjort vedtak om at Kristian, som har eit meir avslappa forhold til toppar, og i tillegg hadde 2 eventyrlege gnagsår, skulle nyte livet der. Torleiv og eg la ut på den dryge etappen over vatnet til Karihøa. Dette var for meg hovudmålet for turen sidan den er grensetopp til Rauma og dermed i M&R-lista. Status 918/1155.

Le for vinden på Karihøa, Karitinden bak i bildet.
Le for vinden på Karihøa, Karitinden bak i bildet.

Vi brukte ca 2 timar frå Torsbu til Karihøa. Det var no tilskyande igjen og ikkje så triveleg. Planen om retur over Veltdalseggi la vi vekk, det frista meir med sosialt samvære på hytta.

Kristian klar for dag 2 ved Torsbu.
Kristian klar for dag 2 ved Torsbu.

Vi var åleine på hytta, forsåvidt heilt greitt. Då kan ein legge nivået der ein vil. Eit av dei store underhaldingsnummera var når Kroksleiven skulle fylle ut blanketten for betalinga. Guten har eit svært anstrengt forhold til skjema og papirarbeid, så dette var humor i beste Wesensteenstil. På dag 2 gjekk Torleiv og eg til Veltdalseggi, medan Kristian plukka dei 2 toppane 1577 og 1458. Vi møtte han på retur frå den siste, som har namn Kupa på metallplata på toppen.

Torleiv på dagens første, Veltdalseggi
Torleiv på dagens første, Veltdalseggi

Etter 1458-toppen, Kupen, var det retur ut dalen til Billingen. 3 stk hadde gått rett før oss, det var veldig fint sidan føret var så tungt. Vi fulgte spora deira heilt til parkeringa. Tok oss ein matpause i hytteveggen til Tverråhytta, passa på å ikkje ta igjen dei foran oss. Siste stykket ned til Billingen var det eit vanvittig lugge/sugeføre i sørpe og blautsnø. To flotte dagar i tungt føre. Her står det enno igjen toppar, så Torsbu skal bli besøkt ved eit anna høve. Tordseggje, Trollkyrkja, Storhøa, Nordre Bolla og Sponghøi står på blokka. Men det blir ikkje i år.

Joda det vart i år: Skjåk/Rauma/Lesja: Billingen -> Trollkyrkja og Storhøa

Karitinden i flott ver.
Karitinden i flott ver.
Naushorna.
Naushorna.
Tordsnose.
Tordsnose.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.