Skjåk: Søverhøi, 1811, Sekkebreen og Dyringshøi (23.04.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Liavatnet nord (735m)
Endpoint Liavatnet nord (735m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 10h 15min
Distance 40.4km
Vertical meters 1,975m
Map
Ascents Øst for Blankberget (1,811m) 23.04.2016
Dyringshøi (1,814m) 23.04.2016
Punkt på Sekkebreen (1,916m) 23.04.2016
Vest for Sekkebreen (1,905m) 23.04.2016
Søverhøi (1,689m) 23.04.2016
Visits of other PBEs Bro Liavatnet nordøst (730m) 23.04.2016
Geir Arne i toppform på Søverhøi.
Geir Arne i toppform på Søverhøi.

Denne turen målte vi fram og tilbake, og dersom ein skal ha med seg alle 4 toppane er utgpkt utosen til Liavatnet det kortaste. Målt på kartet her ca 35 km, anslag 40 km. Høgdemeter 1750 lest ut av kartet, blir vanlegvis litt meir. I tillegg er skogspartiet opp langs ryggen sør for Søvra til å leve med.

Geir Arne hadde store planar for laurdagskvelden, quizz på Sjoa. Han burde returnere kl 1600, så for å få i land dette prosjektet måtte vi då starte kl 0600. Vi rekna med 10 timar skulle halde. Eg parkerte den mobile hytta på ein lomme og etter nokre få minutt kom Geir Arne, i ny bil! King Cab-en var skifta ut med ein Terrano. Det vart ein del prat før vi køya. Bortforklaring/tåkelegging av nyinvesteringar på utstyrsfronten. Deretter nedsnakking av eiga ræva form, og opphausing av turfølgjet si kanonform. Geir Arne stilde alarmen på mobilen kl 0500.

Etter solid frokost og diverse ritualer i skauen kom vi oss avgarde litt over 6. Lett snø i lufta. Geir Arne trakka til noko voldsomt oppgjennom lia, småskogen kraup til side i det han nærma seg. Ryggen oppover var veldig grei å gå, og kom snart oppom skoggrensa. Herifrå var det lett på hardt føre opp til Søverhøi. Mot Sekkebreen såg det veldig tett ut, håpet var at meldingane skulle slå til utover dagen. Frå Søverhøi glei vi vestover og sør for Søverbandtjønne, over Storegrovbreen og runda Sekkebreen slik at vi kom opp aust for Bandet i ca 1760 m høgde. Her er det litt bratt ned men ingen problem. Matøkt her før vi la igjen sekkane og gjekk til 1811-toppen. Veret var no svært bra, berre enkelte lette lave skyer kom og gjekk. Sikta til mange andre toppar uteblei dessverre. Tilbake til Bandet og austover til Sekkebreen. Studerte litt ein knolle på veit til høgste punkt. Den har toppunktet litt sør for trgpkt og 1905-koten viser akkurat når ein zoomar inn kartet godt. Registrerer denne med pf 13 meter. Høyrer du dette Arne Mæhlen! På Sekkebreen var det kalkulering av tid og vurdering av gjenståande distanse. No var håpet at vi skulle gli mange kilometer autsover. Pga nysnøen vart dette ikkje noko veldig suksess. Berre eit lite parti var det bratt nok til at skia glei av seg sjølv. I skaret mot Dyringshøi måtte eg i sekken og leite fram mat, faren for totalkollaps var til stades. Geir Arne som var i svært dårleg form iflg seg sjølv, brende til oppover. Vi møttest på toppen, han var på vei nedover. Eg snudde ved seigemannen på varden, trykkte i meg 5 bonus-seigemenn som han omtenksomt hadde plassert der til meg, røska av fellene og glei etter han. Ned mot Søverdalen var det igjen kontakt, og vi avslutta turen i lag. Dvs nede i skauen var det alt anna enn enkelt med råtten snø og elende så der mista vi kvarandre igjen. Kom omtrent samtidig til bilane 1630. Så var det berre for Geir Arne å rekke dusj og quizz på Sjoa. Eg fekk eit eksklusivt tilbod om å fylle den ledige plassen på laget. Tanken på ein sein kveld med mykje leskedrikk frista ikkje så eg takka nei. Det frå vi ha til gode!

User comments

  • -
    avatar

    Form

    Written by Garm 24.04.2016 23:07

    Angåande nedsnakking av eiga rævva form og opphaussing av turfølgjes kanonform var det ein av oss (gudbrandsdølen) som hadde rett.

    Og når du i tillegg stilte med splitter nytt skioppsett av frakkaste merkje med super xx racing striper og stålkantar i gull, mens eg, i tillegg til ikkje tilstadeværande form, måtte slite med gamalt fattigmannsutstyr som ikkje ein gong hang i hop var det ikkje rart eg sleit med å henge på.

    Men den argaste investeringa di var nok den superbooster motoren din som eg høyrte du fyrte i gang oppover dei fleste av turens 1975 høgdemeter.

    Dagen i dag har eg brukt liggjande i eit badekar fylt med tigerbalsam, mens eg synast synd på meg sjølv...

  • -
    avatar

    Trivelig område detta

    Written by mortenh 24.04.2016 21:06

    Syntes det var et fint området da vi vimset rundt oppi der, men alltid spennende å se hvor folk vimser på slike litt mindre vanlige langturer, så det hadde jo vært stas om du hadde lagt ut sporet ditt også med turen.

    Huff, og denna blide seigmannen skal vi ha med oss til alpene?? Det er i alle fall greit å vite hvem man kan putte litt mer enn seigmenn i sekken på i alle fall :-)

    • -
      avatar

      Sporet

      Written by boven 24.04.2016 21:58

      Sporet ja... eg går med ei klokke med gps som viser lengde, høgdemeter osv. Har ein skikkeleg gps her, cd med kart, der stoppar det. Tolmod og kunnskap til å få til dette har eg ikkje. Treng eksperthjelp.

      • +
        avatar

        Sv: Sporet

        Written by mortenh 25.04.2016 21:17
    • -
      avatar

      Sv: Trivelig område detta

      Written by Garm 24.04.2016 22:34

      Jepp. Plass til whisky oppi sekken også, meeen det var kanskje ikkje det du ville høyre? :)

  • -
    avatar

    Sekken full av topper

    Written by otto 24.04.2016 20:29

    Dette så bra ut Ove og toppene fant dere i været som lettet. Tror jeg hadde droppet quizZ i fordel for høye topper.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.