Isvassnipa ei fjellperle i Jølster og årets flottast skitur! (16.04.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Åsen (350m)
Endpoint Åsen (350m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 46min
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Blåfjellet 1164 m i Jølster (1,164m) 16.04.2016
Isvassnipa (1,436m) 16.04.2016
Styggevassegga (1,398m) 16.04.2016
Austre Styggevassegga (1,333m) 16.04.2016

Isvassnipa har eit forlokkande nydeleg navn og fjellet står for navnet sitt. Det er ein nydeleg fjelltopp midt i Jølster på sørsida av Jølstravatnet. Den ligg der nesten som ein hestesko med vakre Styggevassegga. Eg har lenge hatt lyst til å gå den på ski og vi hadde ein liten plan om denne fjellperla ved første og beste anledning. Planane var også denne helga større enn kva ein kan klare å rekke over...men det er då viktig med ambisjoner!! Valget falt ganske raskt på Isvassnipa og vi bestemte oss for å starte ifrå Åsen. Vi satte att ein bil ved Indre Sandal og ved bommen til skogsvegen der, sidan dagens mål var tenkt som ein fin rundtur på ski. Alle var vi einige om å utnytte dagen og godværet, vi hadde eit rimeleg bedageleg tur tempo. Einaste nokre tidsfristar på Ole Christian og Øyvind som begge skulle i storselskap om kvelden og rekke diverse på Jølstraholmen før stengetid. Turen vart som forventa og kom nok høgt på lista til å være ein av årets flottaste skitur for alle! Bilda får tale sitt...
Takker for ein super skitur og eit flott turfelleskap Ole Christian Solheim, Brit Siv Fimland og Øyvind Aastad Kjøs

Øyvind og Ole Christian har stålkontroll på dagens skiutstyr....!!
Øyvind og Ole Christian har stålkontroll på dagens skiutstyr....!!
Ikkje heilt etter boka...
Ikkje heilt etter boka...
Fint å starte ifrå Åsen, kunne spenne på skia like ved bilen
Fint å starte ifrå Åsen, kunne spenne på skia like ved bilen
Solvarmt og eit stille Jølstravatn
Solvarmt og eit stille Jølstravatn
Ole Christian i fin driv.....
Ole Christian i fin driv.....
Mot Isvassnipa og ryggen vi seinare skal ned...
Mot Isvassnipa og ryggen vi seinare skal ned...
Ifrå Blåfjellet 1164 moh
Ifrå Blåfjellet 1164 moh
Eit hærleg skue mot nydeleg Styggevassegga
Eit hærleg skue mot nydeleg Styggevassegga
Ein flat og fin rygg vidare fram mot Isvassnipa
Ein flat og fin rygg vidare fram mot Isvassnipa
Vindstille på toppen av Isvassnipa og tidenes nedkøyring i vent...
Vindstille på toppen av Isvassnipa og tidenes nedkøyring i vent...
Eit bratt eventyr av ei nedkøyring ifrå Isvassnipa
Eit bratt eventyr av ei nedkøyring ifrå Isvassnipa

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by oyvindkjos 18.04.2016 21:14

    Takk for fin oppsummering og bilder fra vårens vakreste eventyr sålangt! :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.