Vestnes: Sprovstinden, Gjølbotntinden og Steinsmørhylla (10.04.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point E39 ved skitrekket (300m)
Endpoint E39 ved skitrekket (300m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 00min
Distance 21.4km
Vertical meters 1,590m
Map
Ascents Gjølbotntinden (957m) 10.04.2016
Sandtinden (1,069m) 10.04.2016
Søre Smørhylla (871m) 10.04.2016
Sprovstinden (1,194m) 10.04.2016
Varguraksla (773m) 10.04.2016
70-åringen og bikkja på Sprovstinden
70-åringen og bikkja på Sprovstinden

Sunnmøre pf 50, 899/929
Møre og Romsdal pf 100, 917/1154

I dag vart det soloprosjekt. Åsmund ville være saman med familien på tur, Gard høyrde eg ingenting frå. Reknar med han dreiv med restitusjon på veloursofaen sin. Parkerte ved Vegvesenstasjonen og gjekk mot skitrekket. Gårsdagens feite telemarkski/plastsko var bytta ut med smalare telemarkski og Alfa Quest som eg har funne ut passar foten veldig bra. Fulgte trekket oppover eit stykke før eg peila meg inn mot Varguraksla. Ein einsleg randokar låg foran meg i løypa. Han gjekk alvoreleg bra på, og kryssa ikkje ein einaste gong! Frå Varguraksla fulgte eg ryggen enkelt mot Sandtinden og så vidare til Sprovstinden. Her var det to turgåarar som eg slo av ein prat med. Randokaren, ein 62-åring frå Skodje, og Åsnes Nansen-karen på 70 år frå Ålesund. Den eldste hadde med ei heldig bikkje. Ikkje alltid eg kjenner meg som ein ungdom med mine 47 år, men her fekk eg vite at alt under 50 er for ungdom å rekne. Frå Sprovstinden glei eg austover mellom ein del steinar på ryggen, og vidare lett til Gjølbotntinden. Så vestover igjen og ned til vestenden av Jutevatnet. Her var det tidenes påskestemning. Det krydde med folk i alle aldrar, bikkjer og pulkar og mykje god stemning. Nokre karar sat og tok seg ein velfortjent blås. Mot siste topp var det utruleg nok ikkje eit einaste skispor. Berre 3 hadde skrive seg i boka på Søre Smørhylla eller Steinsmørhylla før meg i 2016. Snodig når den er så enkel. Retur til Jutevatnet på fantastisk føre. Tok opp litt høgde og glei meg utover Måslia under Varguraksla og ned til parkeringa. Skia på heilt til bilen. Fin runde i knallver!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.