Skjorta frå Helgheim (09.04.2016)  6

Written by ilyslo GSM

Start point Helgheim (320m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 8h 07min
Distance 22.0km
Vertical meters 1,386m
GPS
Ascents Skjorta (1,473m) 09.04.2016

Flott, spontan, laurdagstur på ski med broderen frå Helgheim i Jølster til denne toppen som vi alltid ser så fint langs Breimsvatn ved Sageflåten. Toppen var ny for Trond, mens eg har gått nordeggen då eg var betrakteleg yngre (rundt 1990 vil eg tru).
Turen var fin ein slik kald, tidleg vårdag, men kan elles vere rasutsett i Vasskaret omkring halvvegs opp (sjå bilete). Det er nok kanskje difor det, ifølge toppboka, ikkje hadde vore folk her sidan 17.oktober...
Nokre bilete frå turen (dessverre ikkje optimal kvalitet):

Mot Myklandsstøylen og Vasskaret etter vel ein time.

Vidare over Vasskaret vart det litt rekognosering for å finne ein grei veg ned...

Idyllisk nede ved vatna etter Vasskaret før drøye 600hm vidare opp til Skjorta.

Flott nedrenn frå toppen. Mot Vasskaret midt på bildet.

Instengegga og Instengfjellet dominerte utsynet.

Opp Vasskaret var kinkig med ski på beina, det beste var å trakke opp utan. Spesielt etter ei utgliding på ca 10 meter.

Vidare frå Vasskaret mot Helgeheimsstøylen og Jølstravatnet.

Kjend motiv av Skjorta frå E39 ved Breimsvatnet (tatt same morgon)

User comments

  • -
    avatar

    Nå også som tilfeldig

    Written by Stigun 28.03.2017 16:07

    turartikkel på Peakbook:-) Artig å se hvordan forholdene er om vinteren; Vasskaret dramatisk annerledes enn på sommerstid. Takk for hyggelig tur for 2 dager siden, forresten!

  • -
    avatar

    Gratulerer

    Written by Stigun 10.04.2016 22:08

    med flott tur til et fjell som tar seg særdeles flott ut!

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer

      Written by ilyslo 28.03.2017 17:40

      Takker� .... Artig at sommerturen til du og Bente gikk samme veg

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.