Andre gong på Mælefjell (25.03.2016)

Written by bakken59 GSM

Start point Natadal
Characteristic Backcountry skiing
Distance 20.5km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Mælefjell (1,413m) 25.03.2016

Med vermelding som tilsa oppklarning, starta vi i overskya gråver frå Natadal ca kl 1015. Torunn og Svein hadde køyrt frå Skien, medan eg kom frå hytta i Langlim. Først lang gåtur der vi bar skia, så fellar på etter Juvet der vegen ikkje var brøytt. Stykket opp til Mælestaul var lengre enn eg hugsa i fjor, men med fellar gjekk det greitt. Så opp Tjønnskardet. Vi følgde skutersporet litt langt ut mot høgre - det ligg ei hytte der ute - men tok oss inn att og kom inn i skaret omtrent ved tregrensa. Det klabba i fellane for oss alle tre, måtte stoppe å skrape. Vel oppe såg vi ned på det to Russtjønnane, heldt til venstre (aust) og fann ein lun rasteplass. Enno ikkje oppklarning, men heller ikkje vind. Den kom seinare! Så opp Rupedalen og vidare opp- og innover til dei to vatna vest for toppen. Opp til toppen gjekk det greitt, men grått, litt snø og sterk vind. Medan vi stod i le ved varden, byrja det å klarne, og heimturen blei heilt underskjønn, sjølv om det bles ganske sterkt. Men vi rasta i le ved det første vatnet under toppen, fekk av fellar, drog opp buff og hette og hadde ein flott nedtur. Brukte vel dryge tre timar opp og ein dryg time ned. 21,5 km, og ca 1100 hm. Men uklart om det var høgdeforskjellen eller akkumulert høgde. Heilt fantastiske fotomotiv, men hadde berre telefon i år. Skal freiste å hekte nokre bilete på rapporten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.