Påsketur til Stabben (1018 moh) i Ørsta kommune (23.03.2016)

Written by miles (Karl H. Halse)

Map
Ascents Hyningane (1,018m) 23.03.2016
Stabben (1018 moh) er namnet som er brukt om fjellet rett fram.  På kartet står det nemnt "Hyrningane" som er lite brukt i daglegtale, men som viser til heile fjellrekka frå Stabben til Blåfjellet lenger framme på fjellrekka.

Onsdag 23. mars 2016, kom endeleg påskeveret til Sunnmøre! Stabben (1018 moh) i Ørsta kommune er eit lite brukt skifjell, så vi bestemte oss for å legge turen hit på denne dagen, då sikkert "alle" andre også hadde tenkt seg på tur. I år var snøforholda perfekte til å gå på dette fjellet, snøen hadde vorte grovkorna heilt gjennom pga mildveret i veka før. Dei siste dagane hadde nattefrosten gjort dette til eit hardt og fint underlag og nokre få cm styresnø hadde lagt seg fint på toppen!

Nedkøyringa frå toppen var fantastisk! Men, vi var for opptekne av skikøyringa til at vi fekk med oss bilder av dette ...

Utsikt frå Stabben og nedover mot Liadal og Raudøya
Utsikt frå Stabben og nedover mot Liadal og Raudøya
Hesteryggen viser i midten av biletet
Hesteryggen viser i midten av biletet
Grøthornet (1040 moh) er det høgste fjellet på på andre sida av dalen.
Grøthornet (1040 moh) er det høgste fjellet på på andre sida av dalen.
Saudehornet (1303 moh)
Saudehornet (1303 moh)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.