Mont Maudit og Mont Blanc (08.07.2006)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Mont Blanc (4,810m) 08.07.2006
Mont Maudit (4,465m) 08.07.2006

Tok gondolbane opp til Aiguille du Midi dagen før og overnatta på Cosmiqes. Fekk som venta ikkje sove noe særlig, og dei fleste andre på hytta sto opp i 2-tida så då blei det hvert fall ikkje mulig for meg å sove. Fekk i meg litt mat før eg kom meg avgårde i 3-tida om natta. Då var det mørkt og stjerneklart og alle brukte hodelykt og stegjern. Dei fleste gjekk innbundne i taulag mens eg gjekk for meg sjøl mellom andre taulag. Det var kome en del nysnø siste par dager så dei så gjekk først hadde det trulig tyngre med å tråkke spor enn oss så kom lenger bak. Me gjekk i lang rekke i sikk-zakk mellom bresprekkene bratt opp den nordvendte fjellsida av Mont Blanc du Tacul. Me måtte over ein rygg et stykke vest for toppen av Tacul, og så ned igjen mot Col Maudit på drøyt 4000 moh.
På dette tidspunktet var det blitt lyst og sola sto opp mens me var på veg i oppstigninga til Mont Maudit. Me måtte over ryggen et stykke nord for toppen. Her var det kø og venting for å komme over. Det er 70-80 hm svært bratt nordaustvendt fjellside med snø og is der. Det hang to tau ovenfra som man kunne feste seg inn i, men eg bare haldt i tauet med den eine handa mens eg hadde isøksa i den andre. Vel oppe på denne ryggen fulgte alle andre ruta til Mont Blanc sørover på vestsida av Mont Maudit. Eg måtte sjølsagt oppom toppen av Maudit, og det innebar ca 100 hm stigning enkelt opp nordryggen.
Så gjenstod siste innspurt mot Frankrike's og vest-Europa's høgaste topp. Måtte ca ca 100 hm ned igjen til eg kom inn på ruta til topps på Mont Blanc. På ca 4500 moh merka eg den berykta høgdesjuka i form av slapphet i hel kroppen. Brukte veldig lang tid på dei siste 300 hm til topps. Møtte på noen fra Kongsberg så eg kom i snakk med. Dei såg på bekledningen min at eg måtte være nordmann så derfor dei tok kontakt med meg. Dei hadde lagt i telt lenger nede. Etter en hyggelig prat gjekk dei og mange andre forbi meg sidan eg ikkje klarte gå fortere. Kom meg til topps ca kl 13.30. Tok noen bilder med filmkamera og la meg ned i snøen for å slappe av. Stille og varmt i sola, men frosen snø i skuggesida.
Ca kl 15.30 begynte eg å gå ned igjen Gouter-ruta nordvestover. Det gjekk ikkje fort med meg nedover heller, og måtte bare droppe planen om å ta med meg Italia's nasjonstopp Monte Bianco di Cormayeur. Då eg kom under 4000 moh fekk eg endelig kreften igjen og fortsatte heilt ned i dalen der eg var nede ca kl 0.30. Traff på ein så skulle til Chamonix så eg sat på med. Var veldig glad for å slippe å gå dei ca 10 km. Kan sjå tilbake på ein slitsom, men fantastisk flott tur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.