Nydeleg føre og trolsk fotostemning på Steinegga (17.01.2016)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Berg/Svidalen (335moh)
Sluttsted Berg/Svidalen (335moh)
Distanse 8,4km
Høydemeter 840m
Kart
Bestigninger Steinegga (1167moh) 17.01.2016

Eigentleg så er det fint å kunne sove "litt" frampå når ein har fri og det er helg! Men det er like hardt kvar gong å gjennomgå den prosessen å forlate den varme dyna....dørstokkmila er ingen problem!! Iløpet av 20 min. hadde eg klart å ete eit lite knekkebrød, tasta morgenhelsingar på mobilen, drukket kaffe, pakka tursekken og skrapa bilen for is i kulda på 11 minus. Så våken var eg om ikkje anna! då eg traff Brit Siv og Ole Christian på Vassenden. Nydeleg forhold å køyre telemarksvinger ifrå Steinegga idag og på heimtur møtte vi fleire på veg oppover som også ville nyte søndagen og dei gode forholda! Heldig var vi som nesten hadde urørte fjellsider å kose oss med på veg heim.
Fin tur ilag med Brit Siv Fimland og Ole Christian Solheim

Ifrå Steinegga 1165 moh med Jølstravatnet
Ifrå Steinegga 1165 moh med Jølstravatnet
Flott og trolsk er det innover Jølstraheimen
Flott og trolsk er det innover Jølstraheimen
"Happy sunday"
"Happy sunday"

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.