Snønipa (09.01.2016)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Snønipa (1,826m) 09.01.2016

Fredagsmorgon tikka det inn ei tekstmelding med beskjed om godt vær og turmogelegheitar i Jølster. Sidan eg hadde ein date med tanntorturisten seinare på dagen og eg under mine besøk på dei kantar har ein tendens til å ende opp med nok sedativer i kjeften til å sende ein elefant til evig kvile var eg noko skeptisk til tanken på ein køyretur frå Gudbrandsdalen til Førde var noko vidare fornuftig kveldsprosjekt. Besøket gjekk dog over all forventning (truleg fordi karma allereie hadde lagt verre planar for meg) så utpå eftassida kunne eg vende mobilantenna vestover for å sondere tilbodet litt meir.
Sidan byrjinga av romjula hadde eg gått under åket av sår hals, hoste, snørr og tårar. Og til alle kvinnfolk som no sitt å tenkjar typisk sytete mann: Dykk har ikkje emne til å fatte smerteh*****e vi menn går gjennom når vi er dårlege! Dette, kombinert med det faktum at det fortsatt var jul og jula har ein tendens til å resultere i uanstendige mengder surkål i ribbefeitt, fløtegratinert marsipan, skotsk høgoktan brennsel frå øyer ein aldri har høyrt om verken før eller seinare (sistnemnde kun av medisinske årsakar, sjølvsagt...) og ei aldri så lita dose raudvin medførte at forma ikkje var heilt det den aldri har vært. Dei mest ekstreme turane var difor ikkje noko vidare aktuelle.
Men Janne forsikra både dyrt og heilagt, ingen store prosjekt. Vi kunne ta ein dag på Eikåsnipa og andre dagen på Førdsnipa eller Hafstadfjellet. Lette og enkle toppar. Det høyrtes freistande ut og ikkje lenge seinare trilla gliset mitt vest over fjella.
Ankom Førde ved ellevetida om kvelden og fekk kjapt plassert eit breiddfullt mjølkeglas (???) med raudvin i neven. Praten gjekk utover kvelden heilt til Janne fekk det for seg at vi skulle på Snønipa dagen etter. Eller rettare sagt, litt seinare på dagen...
Kva er denne Snønipa da undra eg usikkert. Joda, det var kommunetoppen i Jølster og Gloppen. 1827 meter og ein nydeleg tur med fantastisk utsikt. At det var over 1600 høgdemeter og ein god dagstur satt litt lengre inne. Klokka hadde passert tre og eg ansåg prosjektet som noko optimistisk men Janne hadde bestemt seg. Vekkerklokka vart stilt på styggtidleg før vi gjekk inn for ein lynvisitt hos Jon Blund.

Noko seinare enn styggtidleg vakna eg og kunne lese ei tekstmelding, sendt styggtidleg, på mobilen: Stuttare tur i dag, sove lengre.
Halleluja, det finst ein Gud tenkte eg og forsvant innatt i draumeland.
Under frokosten ringte Janne ein av dei lokale kjentfolka og da han fortalte at rekorden opp på Snønipa var ein time og tjuge minutt vart furia i fyr og flammer. O Helgoland, vi skulle på Snønipa. Punktum. Eg argumenterte lenge, sakleg og vel angåande kvifor Snønipa kanskje ikkje var så godt turval denne dagen og halv tolv stod vi klare til avmarsj ved Høyset i Stardalen.
Vi byrja gå etter ein fin grusveg som til mi store undring var fullt køyrbar. Da eg i all mi einfoldigheit spurte kvifor vi ikkje tok bilen lengre inn og sparte adskillige høgde og lengdemeter fekk eg som svar at "det var bonus" må vite.
Det gjekk tungt oppover vegen, noko som ikkje lova bra for resten av turen, atter noko som skulle vise seg temmeleg korrekt konkludert. Vi fekk på oss skia på parkeringsplassen rett før Haugastøylen og busha vidare innover. Snøen var hardpolert og oppover mot Haugabreen måtte vi bytte til steggjern. Janne somla litt så eg forta meg å gå på litt forsprang. Det held ikkje lenge og oppe på moreneryggen var Janne fremst da ho fekk auga på lokalkjendisen oppe på breen. Vi møtte han framfor bretunga og fekk ein kjapp rapport om forholda på breen før klokka tvang oss vidare.

Enda eit lite forsprang.
Enda eit lite forsprang.
Lokalkjendisen kan skimtast oppe på breen.
Ruta gjekk midt oppover breen.
Lokalkjendisen kan skimtast oppe på breen. Ruta gjekk midt oppover breen.
Sparte mykje tid på å ha ferdigtrakka rute opp gjennom sprekkområdet.
Sparte mykje tid på å ha ferdigtrakka rute opp gjennom sprekkområdet.

Enda ein gong sneik eg meg avgarde fyrst. Oppover brefallet var det berre å følgje spora frå lokalkjendisen som gjekk tilnærma snorrett opp gjennom sprekkområdet. Ovanfor dei brattaste falla tok Janne teten. Etter kvart stod vi ved foten av sidebreen som såg rask og enkel ut. "Nokon" kunne informere meg om at så ikkje var tilfelle og "nokon" hadde sjølvsagt rett. Det var ein seig bakke. Litt oppe i bakken måtte vi bytte til steggjern enda ein gong, noko som viste seg bortkasta etter nye hundre meter. Janne la om tvert men eg tenkte forsprang og langa ut. Tre minutt seinare fossa ho forbi og resten av sida oppover såg eg berre ryggen hennar på nokre hundre meters avstand. Ikkje noko galanteri, hensyn og omtenksamheit der i garden nei. Elles gjekk eg stort sett heile sida oppover å fantaserte om ein stor, feit og saftig burger med masse ost, flesk og ananas sidan eg var skrubbsulten. Det gjekk ikkje bort mykje tid til mat og drikkepausar denne dagen. Sola var gått ned da vi sette frå oss skia eit parhundre meter frå toppen og rusla opp siste biten.

Litt begrensa utsikt men fint likevel på toppen.
Litt begrensa utsikt men fint likevel på toppen.

Kulde og mørke begrensa solpausa på toppen og rett etter var vi nede ved skia att. Nedkøyringa var turens desiderte høgdepunkt. Med hovudlykt under stjernehimmelen var det ein eventyrleg følelse å sleppe seg nedover breen. Ekstra stas var det å sjå min eiga skugge danse nedover kvar gong Janne som køyrte bak sveipa over meg med lykta si. Nede på Haugabreen følgde vi spora våre gjennom sprekkområdet. Bortsett frå litt knoting etter støylen(det er ikkje utan grunn Janne ikkje har lagt ut sporlogg i sin turrapport) brukte vi ikkje lang tid ned til parkeringsplassen. Deretter var det ski på sekk ut resten av dalen. Ved Skei var det ope ein Essostasjon så eg tvang Janne til å stoppe for å få oppfylt turfantasiane mine. Største burgeren og nesten ein liter med brus seinare byrja det å bli noko som kanskje kunne likne på folk at av meg også. Vi fortsette ned til Førde der det vart meir raudvin og jammen dukka det ikkje opp ei flaske med noko brunt på også, som Janne tvang i meg.

Det vart ikkje opp ved hanegal dagen derpå. Båe (?) var einige (??) om ein roleg (???) tur og sidan eg hadde ei kinoavtale i Gudbrandsdalen utpå kvelden kunne den heller ikkje ta så lang tid. Ergo Eikåsnipa. Været var begredleg da vi la i veg. Eikåsnipa er ikkje nokon lang tur men typisk nok hadde ikkje Janne nemnt noko om bakkane. Det var hundre meter flatt fyrst før bakkane tiltok dei neste 650 høgdemetrane heile vegen til topps.

Surt vær og begrensa sikt på toppen så vi drog fort nedatt. Ved bilen måtte eg innsjå at klokka hadde gått altfor fort og eg knapt nok hadde tida og vegen heim. Så eg kasta meg i bilen, trykte gaspedalen i botn og køyrte som ein Gud (eller gris) overatt til Gudbrandsdalen. Etter å ha rasa over Strynefjellet i full snøstorm rakk eg kinoen med nøyaktig null minutt i margin.

Ingen har vel sovet så godt gjennom ei kinoforestilling med The Hateful Eight som meg...

User comments

  • -
    avatar

    Flott vinterstemning

    Written by JoSo 13.01.2016 19:32

    Og fine bilder fra en kjølig tur for dere to - og i et nydelig fjellområde!

    Som vanlig solid og ikke minst artig turrapport, Geir Arne :)

    • -
      avatar

      Sv: Flott vinterstemning

      Written by Garm 14.01.2016 23:42

      Takker.

      Mange fine fjellområdar i Norge, som du vel veit betre enn dei fleste. :)

  • -
    avatar

    Slitetur

    Written by Øyvindbr 13.01.2016 09:10

    Og en av de morsomste turrapportene jeg har lest! :)

    Spørs om ikke du er minst like god til å formidle slit som jeg Geir Arne...

    Og flott å begynne det nye året med en såpass type stortur!

    • -
      avatar

      Sv: Slitetur

      Written by Garm 14.01.2016 23:39

      Angåande slit, kan du svare meg på eit spørsmål Øyvind? Kvifor lærar vi aldri? Kvifor lar vi oss lure med ut på nytt, gong etter gong, på turar med folk som til alt overmål er i betre form enn vi nokon gong kan drøyme om og alt vi oppnår er slit, pes, smerte, kulde, hat og fornedring? Er det eigentleg noko håp for oss?

      Ps: På spørsmålet i Janne sin Snøniperapport, eg er med! :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.