Snønipa (09.01.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Høyset i Stardalen (334m)
Endpoint Høyset i Stardalen (334m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Distance 22.2km
Vertical meters 1,550m
Map
Ascents Snønipa (1,826m) 09.01.2016

Eg og Geir Arne har lenge snakka om å få til nokre fjelldagar i Jølster! Endeleg laga det seg ein muligheit for alle og jammen på tide etter snart 6 års bekjentskap å få til eit Jølster besøk :) Nydeleg ver var det meldt denne helga, litt snøfattig var det men det stoppar jo selfølgeleg ikkje toppgleda..;) Planen var å gå på Snønipa søndag ilag med Joar og Geir Arne. Men av ulike orsaker vart det ein rask bestemmelse om tur på lørdagen istadenfor. Etter ein 1/2 time pakking, ein rimeleg hektisk frukost og vi var turklar. Det var jo meldt ganske så kaldt denne dagen...men sidan innlandskrabben er vant med den temperaturen var det ikkje så mykje å lure på, verre var det for oss kystsamane!!! Joar som bur nærmast var komt inn litt før oss og starta turen oppover i roleg tempo i påventa av "lynrask ungdom".....som aldri nådde att førstemannen og som uheldigvis måtte returnerte av ulike orsaker som "menneskeleg svikt" av eit manglande tur utstyr!! :) Det var kjølig inne på breen med nesten 20 blå og ein kald bre trekk! Eit ganske avblåst og vekslande føre gjorde turen nøysommeleg og det tok tid. Det er første gang eg har gått opp denne ruta med så lite snø. Men uansett så er det fantastisk å berre bruke dagen i sånne mektige omgivelsar, nyte vinterlyset og solnedgangen i denne hærlege stilla! Å sjå stjernehimmelen og den ildraude himmelranden i vest ifrå toppen av Snønipa er berre vakkert. Utruleg nok var det eit greit nedrenn ifrå toppen til vi kom ned i brefallet, derifrå brukte vi litt tid for å komme gjennom sprekkane, hard skare og fjell på grunn av dei manglande snøforhold og med hodelyktlys i mørkna. Nok ein gong litt av ein dag og takknemlegheit for at ein kan få lov til å nyte ein så mektig og vill natur i fred og ro!! Berre Geir Arne si forkjølings snufsing å høyre.. ;) :)
Takker for fin tur ilag

Litt ymse føre opp mot Haugabreen!
Litt ymse føre opp mot Haugabreen!
Joar og Geir Arne
Joar og Geir Arne
Lite snø og tydelege bresprekker, men ikkje minst fantastiske kontrastar...
Lite snø og tydelege bresprekker, men ikkje minst fantastiske kontrastar...
Ein blir liten i sånne omgivelsar!
Ein blir liten i sånne omgivelsar!
Snønipa i sikte!
Snønipa i sikte!
Ved Snønipa!
Ved Snønipa!
Toppen av Snønipa!
Toppen av Snønipa!
På Haugabreen med nesten 20 blå.... kjærkommen er sola!Foto Geir Arne
På Haugabreen med nesten 20 blå.... kjærkommen er sola!Foto Geir Arne

User comments

  • -
    avatar

    Nok et fjell jeg mangler

    Written by Øyvindbr 11.01.2016 23:02

    som jeg over tid har tenkt lenge på. :) Drømmen er toppovernatting både på Snønipa og på sørutsikten på Ceciliekruna.

    Da er Geir Arne tilbake for fullt etter å ha vært smådårlig skjønner jeg. :)

    • -
      avatar

      Sv: Nok et fjell jeg mangler

      Written by Eikås 13.01.2016 21:31

      Ceciliekruna har ikkje eg vore på heller Øyvind. Har tenkt på den lenge, den høyrast så flott ut :) Det hadde sikkert vore ein fin tur å kombinert begge dei to toppane i ein tur +++ og med ei overnatting på Snønipa til slutt :) Geir Arne tippar eg er frisk som ein fisk no når han har fått litt vestlandstopper innabords!! :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Nok et fjell jeg mangl

        Written by Øyvindbr 14.01.2016 13:11
  • -
    avatar

    Missing title

    Written by hmsv1 11.01.2016 15:32

    Jeg tror du skal ha med dunjakke i sekken, da blir -20C bare kos! Fin turrapport :)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by ligroenb 11.01.2016 20:16

      Kjenner jeg Janne rett så hadde hun nok med seg bpde to og tre dunjakker i sekken :-)

      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Written by Eikås 13.01.2016 21:34
    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Eikås 13.01.2016 20:41

      Takker Hannah :) Ja...dunjakke er strengt tatt ein nødvendigheit og opptil fleire er desto betre :) Spesielt når ein lir litt av "jakkemani" også...:) :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.