Toppsanking på båe sider av Brumunddalen (15.12.2015)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Characteristic Hike
Duration 3h 24min
Distance 6.7km
Vertical meters 283m
GPS
Ascents Aursmoberget (555m) 15.12.2015
Brattberget (672m) 15.12.2015
Fuglehaugen (588m) 15.12.2015

Det skulle vere tilnærma snøfritt i området denne dagen, i følgje www.senorge.no. Dette galdt ikkje for Aursmoberget der 10-30 cm snø låg i området. I skogen gjekk det greitt å gå, litt verre i hogstfelt. Men her var det flott utsikt mot Ringsakerfjellet i nord. Også fin utsikt mot Lauvåsen i aust.

Neste topp var Fuglehaugen. Her kunne ein i teorien ha køyrt nesten opp, men for at andre enn Berlingo skulle få trim, gjekk eg opp ein privat veg frå fylkesvegen. Litt utsikt frå toppen, og fin furuskog her oppe.

Turen til Brattberget gjekk i skog, ope terreng med mykje snø. Fint på topplatået, noko utsikt. Turen kan gåast opp på god sti, men eg tok snarveg frå bilen der eg hadde parkert.

Dei rette strekane i GPS-sporet markerer naturlegvis opphald i vandringa.

Her er foto:

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.