Skodje Raid (12.11.2015)

Written by Hunds (Vegard Hundanes)

Map
Ascents Nesnakken (196m) 12.11.2015
Nihusen (438m) 12.11.2015
Stavsetfjellet (208m) 12.11.2015
Støråkfjellet (243m) 12.11.2015

Med radioresepsjonen på øyret vart det ein biltur til skodje for å ta småtoppar. Byrja på Stavsetfjellet der eg følgte nokre traktorvegar (viser på kart) til endes og vidare til topps med småantydinga til rås.

So bila eg tilbake mot skodje, rett etter avkjørselen til Opskar såg eg eit skilt som leste Støråkfjellet 0,8 km, hadde egentleg tenkt å gå ifrå steinbruddet på Støråk, men gjekk likeså godt denne vegen (den er ikkje teikna inn på kartet).

Deretter vart det ein svipptur innom Nesnakken (Nestinden) den lettaste pf100 toppen eg har bestege. Fekk kjøyre heilt opp til ei stor antenne for so å gå nokre få hundre meter til topps..

Så til dagens høgdepunkt Nihusen. Fin tur med fin utsikt. Sleit litt med å finne kvar eg skulle starte å gå. Her er det fleire ruter til topps men eg parkerte oppe ved Skodjereitane og fann ei veldig tydelig rås (men ikkje skilta eller merka), som starta opp gjennom granskogen, kom inn på ein traktorveg eit lite stykke og tilbake i ei rås, forbi ei hytte og til topps.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.