Storehesten og Heilevangmassivet (11.10.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Kårstad bom (188m)
Endpoint Rørvika (17m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 20min
Distance 23.6km
Vertical meters 1,837m
GPS
Ascents Blægja (1,304m) 11.10.2015
Heilevangsstaurane SØ (1,233m) 11.10.2015
Kvamshesten (1,209m) 11.10.2015
Rørvikenipa (1,236m) 11.10.2015
Aust for Rørvikenipa (1,264m) 11.10.2015

Hadde lenge tenkt at eg skulle ta turen til fots og denne gang som ein løpstur via Kvamshesten til Blægja tur/retur. Den er også fin som ein skitur, meldingane for dagen var lettskya og sol. Køyrde mot Bygstad søndags morgen og på veg utover fekk eg melding ifrå Brit Siv, ho var på veg til Blægja frå Rørvika. Eg er på veg ifrå den andre kanten...kanskje vi treffast på toppen av Blægja då!! Parkerte ved bommen på Kårstad og som for øvrig kostar kr 50 Eg sparte dei pengane og starta løpstur på grusveg derifrå, det er asfalt opp til bommen. At eg hadde 6 kg i sekken mot 2.5 som eg har brukt på løp, kjende eg oppover men synest eg hadde fin driv og kroppen var lett. Traff ein eldre kar på toppen av Kvamshesten og fleire var på veg oppover, det er ein populær topp og den er også godt kjent gjennom motbakkeløpet Kvamshesten opp! Fortatte vidare mot Blægja og skodda vart berre tjukkare, måtte fram med gps fleire ganger for å finne ut kor eg var. Mange stopp og eg lurte på om det var lurt å fortsette i det heile. Ingen sikt på eit par meter og løpsturen som eg hadde tenkt var spolert...Medan eg sto å grubla, fekk eg inn ei melding ifrå Brit Siv og tur venninna at dei var komt opp på ca 1000 moh. Tenkte kanskje at eg då kunne prøve eit stykke til, for å sjå kor terrenget vart og forholda. Det ser slakt og fint ut på kotane i gps men mykje glatte sva og bratt nok var det alikavel. Kom opp på punkt 1223 så sende eg ei melding at eg var komt så langt....men låg litt å rota i skodda der før eg fant retning. De må berre snu, dette tar lengre tid! På 1213 letta skodda i ca 1 min og eg fekk eit utruleg flott syn tilbake mot Storehesten og korleis terrenget såg ut vidare opp mot Blægja. Rekna ikkje med at Brit Siv var der framleis, då eg såg ein rød sekk ved varden var det berre stas. Der satt det to damer å hutra og fraus, men like blide og fornøgde var dei :) Ekstra kjekt var det at Brit Siv tilbydde seg å køyre meg opp til bilen att på Kårstad. Så slapp eg ein retur i skodda aleine, det var eit lettare ver ned mot Rørvika i vest.
Turfølge Brit Siv og Karin Bruflot

Frå Storehesten/Kvamshesten mot Blægja og Heilevangmassivet
Frå Storehesten/Kvamshesten mot Blægja og Heilevangmassivet
Frå Storehesten/Kvamshesten
Frå Storehesten/Kvamshesten
Frå Storehesten og trollsk skodde hyller toppane inn!
Frå Storehesten og trollsk skodde hyller toppane inn!
Storehesten
Storehesten
Tjern ved Selsvatnet, is ligg endå att på 840 moh
Tjern ved Selsvatnet, is ligg endå att på 840 moh
Tjukk skodde har lagt seg ovanfor Selsvatnet og mot Heilefjellet. Vurderer å snu..
Tjukk skodde har lagt seg ovanfor Selsvatnet og mot Heilefjellet. Vurderer å snu..
1 min lette i skodda og eg fekk eit tilbakeblikk på Kvamshesten 1209 moh ifrå 1213 påveg mot Blægja 1304
1 min lette i skodda og eg fekk eit tilbakeblikk på Kvamshesten 1209 moh ifrå 1213 påveg mot Blægja 1304
Frå Rørvikenipa 1237 moh og ein skimtar Dalsfjord brua
Frå Rørvikenipa 1237 moh og ein skimtar Dalsfjord brua
Frå Røvikenipa
Frå Røvikenipa
Ekstra kjekt var det at Brit Siv og Karin venta på varden ved Blægja
Ekstra kjekt var det at Brit Siv og Karin venta på varden ved Blægja

User comments

  • -
    avatar

    Synste Stauren

    Written by boven 13.10.2015 19:51

    og der fekk vi eit gjensyn med Synste Stauren som vi nesten bles ned frå.

    • -
      avatar

      Sv: Synste Stauren

      Written by Eikås 22.10.2015 18:56

      Då eg tok bildet....sto eg faktisk å tenkte på den legendariske turen der :) Vi ga oss ikkje så lett når det gjaldt både vind og "grastust" klyving, som heller var litt tvilsom!! :)

  • -
    avatar

    For en...

    Written by arntfla 13.10.2015 06:43

    kapasitet du har, Janne. Jeg er storlig imponert. Og tøff i tåka er du og. Herlig å se ;)

    • -
      avatar

      Sv: For en...

      Written by Eikås 22.10.2015 18:52

      Det er kjekt å få teste seg litt av og til :) Så har eg jo hatt ein god felles bekjent og læremester då ;) :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.