Liabrekulen (20.09.2015)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Dyrhaugen (1,515m) 20.09.2015
Dyrhaugen Vest (1,533m) 20.09.2015
Kjerringhetta (1,436m) 20.09.2015
Liabrekulen (1,910m) 20.09.2015
Nordøst for Liabrekulen (1,840m) 20.09.2015

På PB-treffet på Leirvassbu snakka eg om å gå på Semeltinden/ -kødden denne dagen men etter ein lang frukost ombestemte eg meg og reiste heller til Sognefjellet for å gå på Liabrekulen og nokon andre mindre topper som eg tok med i same slengen. Et par km vest for Sognefjellhytta går ein snaut 5 km lang grusveg nordover ned til Storvatnet. På kartet vises det bom på denne vegen, men det var heldigvis ingen bom så det var greit å kjøre heilt til demningen i sørenden av Storvatnet. Etter først å ha teke Dyrhaugen gjekk eg over Kjerringhetta og videre nordvestover på austsida av Moldskrevatnet og så oppover til Liabrekulen. Det låg dessverre skyer nedpå dei fleste toppane i Jotunheimen, men ellers var det ganske bra utsikt. På veg ned gjekk eg over breen og snøfelta så langt eg kunne og gjekk så på vest- og sørsida av Moldskrevatnet før eg kom inn på T-stien til Storvassdammen. 7-8 t tur på ein flott haustdag i Breheimen.

Demningen i sørenden av Storvatnet. Kjerringhetta i bakgrunnen.
Demningen i sørenden av Storvatnet. Kjerringhetta i bakgrunnen.
Oppe på Kjerringhetta med Hesbrepiggane i bakgrunnen og Storvatnet t.h.
Oppe på Kjerringhetta med Hesbrepiggane i bakgrunnen og Storvatnet t.h.
Stor varde på Kjerringhetta. Liabrekulen i bakgrunnen.
Stor varde på Kjerringhetta. Liabrekulen i bakgrunnen.
Gjekk i øvre kant av Liabreen. Ser nordaust mot Liabrevatnet 1460 og Hestbrepiggane.
Gjekk i øvre kant av Liabreen. Ser nordaust mot Liabrevatnet 1460 og Hestbrepiggane.
Toppeggen aust for Liabrekulen.
Toppeggen aust for Liabrekulen.
Varden på Liabrekulen. Skyer over Jotunheimtoppane i bakgrunnen.
Varden på Liabrekulen. Skyer over Jotunheimtoppane i bakgrunnen.
Utsikt sørover mot Hurrungane.
Utsikt sørover mot Hurrungane.
Vestover Breheimen.
Vestover Breheimen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.