Ernstknuten (08.09.2015)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Parkering Månafossen (140m)
Endpoint Samme (140m)
Characteristic Hillwalk
Map
Ascents Ernstknuten (991m) 08.09.2015
Ørnaheia (920m) 08.09.2015
Visits of other PBEs Flyvrak Ernstknuten (950m) 08.09.2015
Månafossen (200m) 08.09.2015

Ein del skoddeskyer nedpå fjella denne føremiddagen som bekymra meg litt, men ifølge vermeldinga skulle det klarne opp. Gjekk oppover forbi Månafossen der eg traff fleire turister som såg Månafossen. Videre forbi fjellgarden Mån på stien mot Blåfjellenden. Nå klarna det heldigvis opp og ved 429-punktet vest for Fidjavatnet forlot eg stien og gjekk opp den lettgåtte ura i Høgstøldalen over Ørnaheia der Ernstknuten åpenbarte seg. Måtte så litt ned igjen før siste oppstigninga til Ernstknuten.
Stor varde på toppen og til min overraskelse var det trigpunkt ved varden. Dette er dessverre ikkje avmerka på nokon kart eg har sett. Det er fleire omtrent jamnhøge toppunkt oppe på platået men der varden står er antakelig høgaste punkt.
Visste at det skulle vere eit flyvrak på Ernstknuten uten å vite kor det skulle liggje. Tok derfor ein tur nordover frå toppunktet og fant etter kvart mykje blekkskrammel spreidd over eit ganske stort område 2-300 m nord for varden. Det skal visstnok vera eit tysk rekognoseringsfly som styrta under krigen. Beskrivelse
Etterpå gjekk eg tilbake i skråninga på sørsida av Ørnaheia og ned Høgstøldalen til eg kom inn på stien ned til Månafossen. Flott dag i heia og masse blåbær i så eg forsynte meg mykje av.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.