Storivilen og Storhøi (20.09.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Sulheim (486m)
Endpoint Sulheim (486m)
Characteristic Hike
Duration 7h 30min
Distance 29.8km
Vertical meters 2,158m
Map
Ascents Lendfjellet (1,973m) 20.09.2015
Øst for Lendfjellet (1,952m) 20.09.2015
Storhøi (1,780m) 20.09.2015
Storhøi Østtoppen (1,777m) 20.09.2015
Storivilen (2,068m) 20.09.2015
Storivilen Sørvest (2,061m) 20.09.2015
Vest for Storivilen (1,994m) 20.09.2015

Storivilen hadde eg eigentlig tenkt ifrå Lom, men hadde også tenkt litt på Storhøi 1780 moh som såg ut til å være ein fin topp. Eg visste at Lars Sulheim har nytta Storhøi som sitt treningsfjell via Stein og at det var ein fin men bratt sti frå garden opp mot ryggen til Storhøi. Eg starta frå nabogarden med fin sti oppom Leiksæter, snakka med bonden der som skulle ha helikopter opp i området for å kike etter storfe og lova gje beskjed om eg såg dyr på min rundtur. Synest det var vel voldsomt med helikopter...men er då vant med litt mindre beite områder. Nydelige haustfargar var det oppover lia ved Sulegjelet, nysnøen låg heldigvis berre på toppen av Storivilen. Eg fortsatte vidare ryggen ut mot Lendefjellet 1973 moh og skråa ned mot dalføret via nordre Bord og rett opp mot Storhøi. Tida går fort og det er tidlegare mørkt no, så eg tok berre ein rask matstopp med nydelig fersk morgen bakst frå Lom bakeri. Håpte på å finne stien til Lars frå ryggen på Storhøi, eg visste det var litt ulendt terreng der ved Sulegjelet sjølv om det ser ut som ein fin rygg på kotane i kartet. Snart tid for skumring og mykje sauetrakk rundt omkring med småstiar som av ein eller anna grunn stoppar brått opp. Det var super flaks at eg traff rett på stien til Lars og var strålande fornøgd med det, for det var rimeleg bratt ned og stien sparte meg for mykje av både det eine og det andre nedover....Ein hærleg fin rundtur med flotte haustfargar, fjellheimen og stilla hadde eg for meg sjølv :)

Idyllisk på Leiksæter
Idyllisk på Leiksæter
Frå Leiksæter over Sulegjelet og mot Storhøi
Frå Leiksæter over Sulegjelet og mot Storhøi
Nysnø på toppen av Storivilen 2068 moh
Nysnø på toppen av Storivilen 2068 moh
Frå Lendefjellet 1973 moh
Frå Lendefjellet 1973 moh
Ned frå Lendefjellet 1973 moh og mot neste mål Storhøi 1780 moh
Ned frå Lendefjellet 1973 moh og mot neste mål Storhøi 1780 moh
Fin elvekryssing til Storhøi
Fin elvekryssing til Storhøi
Funklande natur diamanter...Storivilen ibakgrunn
Funklande natur diamanter...Storivilen ibakgrunn
Store fonner ligg endå att ved Storhøi
Store fonner ligg endå att ved Storhøi
Storhøi 1780 moh
Storhøi 1780 moh
Frå Storhøi mot Storivilen
Frå Storhøi mot Storivilen
Frå Storhøi....kan så vidt skimte vegen opp til Juvasshytta
Frå Storhøi....kan så vidt skimte vegen opp til Juvasshytta
Sulheim gård
Sulheim gård

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.