Snoadvarden i styrke Storm (14.09.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Befringsdalen P (605m)
Endpoint Befringsdalen P (605m)
Characteristic Hike
Distance 7.4km
Vertical meters 986m
Map
Ascents Snoadvarden (1,520m) 14.09.2015

Hadde fortalt mykje om kor fint det var på Snoavarden og Kvannebakkbu, den fredelige plassen oppe ved Jostedalsbreen. Det var det mest naturlege for meg og den første plassen eg kom på når eg ville vise til Jølster natur på sitt mektigaste! Veret denne dagen var meldt litt ymse, på Skjorta var det meldt ein vindstyrke på 4-5 m/s og Snoavarden 22-25 m/s Det er ikkje så lange avstanden mellom desse geografisk. Eg stussa litt, tenkte at det sikkert ville bli ein mellomting i vindstyrken og då skulle det gå å komme seg opp om enn ein litt frisk tur. Turfølget mitt tenkte eg var herda og vant med ymse, så det var ikkje så mykje meir å lure på. Vart det for ille, så var det jo berre å snu.... Det bles bra i låglandet og når vi nærma oss Strupen frå Befringsdalen, høyrde vi den vanvittige duren av vinden i fjellsidene. Var spent på om det ville gå å komme seg opp, den var råsete og då var det jo håp. Vindstyrken var etter meldingane og vi sprang i ly mellom steinane opppover, det gjekk rett og slett ikkje å stå på beina i dei sterke vindkasta. Bua var godt sikra så berre vi nådde den var det stort :) Synest det er hærleg med ver og vind, det gir så vanvittig flotte kontrastar i naturopplevelsar. Har vakse opp ute i havgapet og vant med sterk vind, så eg hadde gleda meg til ein sånn opplevelse. Vi fekk virkelig oppleve ein del av Jølster på ein storslagen måte og ingen av oss har gått ein sånn fjelltur i så sterk vind før, ein ny flott naturopplevelse :)
Turfølge Stein


Vinden hadde roa seg bra, neste dag

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.