Flora/Bremanger: Trollnipa og Haukånipa (06.09.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Magnhildskartunnelen sør (420m)
Endpoint Magnhildskartunnelen sør (420m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 16min
Distance 15.9km
Vertical meters 1,080m
Map
Ascents Blålidalsfjellet (783m) 06.09.2015
Haukånipa (790m) 06.09.2015
Myklebustfjellet (715m) 06.09.2015
Trollnipa (911m) 06.09.2015
Frå Haukånipa mot Florø
Frå Haukånipa mot Florø

Vi parkerte på den store parkeringsplassen rett ved tunnelen. På andre sida av vegen starta ein sti merka mot Snøfjellet. Denne fulgte vi eit stykke, men den forsvann når vi kom opp i meir steinete terreng. Vidare mot Snøfjellet er det eit par merkingar men uansett lett å finne fram. Plukka først Myklebustfjellet. Målte differansen topp/skar rett nord for vatn 663. Gps viste 50-52 meter forskjell sånn ca. Vidare over Blålidalsfjellet og austover ned til skaret. Her vart det litt krongling før vi fann ei rute heilt ned i skaret. Bratt opp på andre sida, etterkvart opp eit hyllesystem frå 2 små vatn. Lett vidare til Trollnipa derifrå. Vel lett og lett, terrenget er ikkje beint fram å gå i, men ingen vanskelege valg iallefall. Reurnerte til skaret og gjekk på sørsida av Blålidalsfjellet mot Haukånipa. Her var det bok og 6 registrerte besøk før oss denne dagen. Frå Haukånipa gjekk vi nordover igjen, forbi 2 små vatn, forbi vatn 660 og ned til Rundedalsvantnet. Her gjekk det 2 jegerar og snubla i steinrøysa med ei bikkje. Frå Rundedalsvatnet gjekk vi endå litt lenger nordover før vi såg nokre steinstablar som leda oss nedover. Etterkvart fann vi nokre raude borrelåsar rundt nokre busker, men det var ikkje lett å halde seg til desse i bukkemarka. Gav til slutt blaffen og gjekk beint nedover det siste stykket til veien. Godt ver og ein fin tur i uryddig terreng. Avslutta med obligatorisk chips og brushandling på Best i Svelgen. Det vart ikkje sagt mykje dei neste minutta. Begge chipsposane var knørva i det vi passerte Sørdalstrappa. Bortimot ny rekord.

Status Bremanger pf 100: 63/64. Då manglar berre den namnlause toppen Nord for Tvillingtjønna 1001 som eg for nokre år sidan passerte med få meter utan å være klar over for ein brølar det var. Faktisk muleg eg var på toppen, men kan ikkje være sikker på det. Vel vel, vi får ta turen ein gong til.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.