Langtur til Benkehøa... (29.08.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Billingen (704m)
Endpoint Billingen (704m)
Characteristic Jogging
Duration 7h 35min
Distance 47.0km
Vertical meters 1,914m
Map
Ascents Benkehøa (1,943m) 29.08.2015
Benkehøa Nord (1,943m) 29.08.2015
Nordre Bolla (1,628m) 29.08.2015

Sidan vermeldingane var gode i indre strøk og regnet var spådd heile helga i Jølst....passa det fint å ta løpsturen som eg hadde tenkt på ei stund! Planen var å nå Benkehøa, Trollkyrkja og Storhøa. Starta frå Billingen og følgde stien på vestsida av Storeføysa og vidare inn langs austsida av idylliske Langvatnet. Elvekryssing måtte til over Spongi som var på grensa stor til å kryssast. Benkehøa bærer navnet sitt med rette, fine avsatser over heile fjellet. Mot toppen kom skodda tjukk med regn og snø i lufta. Sidan eg var så langt inne og skodda låg tjukk heilt ned, valgte eg å slå ifrå meg Trollkyrkja og Storhøa, men plukka med Nørdre Bolla 1628 moh i retur. Valgte å krysse elva heilt nede, etter å ha passert Friisbu. Ingen å sjå eller å treffe på undervegs, og det slår meg at dette er berre eit så vanvittig enormt område. Litt å tenke over at dette er det nest største inngrepsfrie villmarksområdet i Sør-Noreg. Eit fantastisk område for lange løpsturer om ikkje høgdemeterane vart så mange i dag.

Store Føysa
Store Føysa
Tordsvatnet
Tordsvatnet
Mot Benkehøa 1943 moh
Mot Benkehøa 1943 moh
Benkehøa 1943 moh
Benkehøa 1943 moh
Langvatnet
Langvatnet

User comments

  • -
    avatar

    Voldsomt med høgdemeter

    Written by boven 30.08.2015 20:53

    Marathon er berre blåbær. Men ikkje så mange høgdemeter? 1900 er no mykje, så mykje at eg lurer på om du har skrive feil.

    • -
      avatar

      Sv: Voldsomt med høgdemeter

      Written by Eikås 31.08.2015 00:26

      Hei du :) Synest då ikkje at ein Marathon er blåbær då....men til høgdemeter så er gps som vi veit ikkje alltid å stole på... ikkje alle krumspringa mine over nokre høgdedrag er registrerte peakbookelement. Eg trur imidlertid at hm stemmer nokså bra :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Voldsomt med høgdemet

        Written by deleted user 01.09.2015 08:07
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.