Vågsøy: Hornkollen. Pf 100 komplett (23.08.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Fergekaia (2m)
Endpoint Fergekaia (2m)
Characteristic Hike
Duration 0h 45min
Distance 1.6km
Vertical meters 150m
Map
Ascents Hornkollen (144m) 23.08.2015

På laurdagen gjekk Bastolen og eg ei dryg runde med kidsa. Vinjar (1,5) i meis, Steffen (13) og Hanna (11). Vi vakna søndag til den finaste dagen, men med minst motivasjon. For ikkje å knekke neste generasjon valgte vi å sige heimover og plukke denne tua. Tok ferga frå Oldeide til Husevågøya. Vi hadde 2,5 timar på oss til neste mulighet Måløy. Terrenget frå fergekaia såg "interessant" ut. Eg tok på meg langbukse! Snakka litt med ungdomen om at dette var no litt småsært for å seie det slik. Trakka langs sjøkanten bortover eit stykke før vi tok oppover. Bratt opp nokre kneikar med knehøg lyng og einekratt, supplert med nokre søkkvåte parti innimellom. Fulgte eit svakt dyretrakk eit kort stykke. På toppen kunne Steffen bekrefte at dette var det værste terrenget han nokon gang hadde gått i. Men humøret var bra. Mykje knott på toppen gjorde besøktet meget kort. Kom oss ned på kaia igjen, der vi hadde ein time med avslapping. Vågsøy pf 100 komplett. Ikkje det heilt store men ei liste er no ei liste.

To unge tindebestigarar på Hornkollen
To unge tindebestigarar på Hornkollen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.