Dønttinden og Sæterhøa (24.07.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Storhaugan (751m)
Endpoint Storhaugan (751m)
Characteristic Hike
Distance 21.4km
Vertical meters 1,451m
Map
Ascents Dønttinden (1,676m) 24.07.2015
Dønttinden Sør (1,664m) 24.07.2015
Sæterhøa (1,486m) 24.07.2015
Veslfjellet (1,365m) 24.07.2015

Ein fin rundtur frå Storhaugan, der eg kryssa elva over brua ved Værmedalssætran. Fint å følge ryggen på Veslfjellet med fine svaberg å gå til Sæterhøa. Gjekk ned til Tverråbotnet og runda vatnet 1210 og vidare opp den breie fine ryggen til Dønttinden, ein del snøfonner låg att her. Ei kraftig snøbyge fekk eg med på toppen men sol og sommer var tilbake lengre nede i lia. Følgde Tverråa ned og vassa over elva som heldigvis ikkje var så flaumstor. Fint å russle tilbake vegen gjennom Vermedalen. Fin og stille åleinetur i ein nydeleg dal med nydelege toppar som Salknappen, Dønttinden og Vermetinden. Utsikta frå desse toppane over mektige Romsdalsfjell kan ein heller ikkje klage på :)

Frå Veslfjellet mot Hattan og Alterhøa
Frå Veslfjellet mot Hattan og Alterhøa
Frå Veslfjellet mot Dønttinden, Remmemsbrøstet, Salknappen og Langvatnet
Frå Veslfjellet mot Dønttinden, Remmemsbrøstet, Salknappen og Langvatnet
Frå Sæterhøa mot Dønttinden
Frå Sæterhøa mot Dønttinden
Ned mot Tverråbotnen
Ned mot Tverråbotnen
Fin rygg på Dønttinden
Fin rygg på Dønttinden
Frå toppen av Dønttinden
Frå toppen av Dønttinden
Frå Dønttinden mot flotte Vermedalen, Alterhøa og Hattan
Frå Dønttinden mot flotte Vermedalen, Alterhøa og Hattan

User comments

  • -
    avatar

    Der skulle jeg også ...

    Written by arntfla 17.08.2015 17:17

    gjerne vært ;) Lurer forresten på om "Dønt" kommer av "Dent" (tann) ...

    • -
      avatar

      Sv: Der skulle jeg også ...

      Written by Garm 17.08.2015 19:41

      "Dønt" er også ei bøyingsform for dundre/drønne.

    • -
      avatar

      Sv: Der skulle jeg også ...

      Written by Eikås 24.08.2015 22:53

      Denne toppen er fin Arnt :) Salknappen like ved er like flott, men ville gått ryggen som vi gjorde frå Vermedalen. Artig at du lurer på navnet....spurde ein lokal eldre grunneigar og lærar om han visste korleis navnet på toppen vart uttalt og kva det kunne bety! Men han visste det dessverre heller ikkje...Reknar med Dåke har det superfint oppe i Nord :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.