Bremanger: Snønyken++ (Nordfjord nr 300) (15.08.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Uravatnet (295m)
Endpoint Uravatnet (295m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 45min
Distance 22.5km
Vertical meters 2,180m
Map
Ascents Blåbrevatnet nord for (1,107m) 15.08.2015
Vest for Blåbrevatnet (1,198m) 15.08.2015
Vest for Langevatnet (1,141m) 15.08.2015
Midtheida (988m) 15.08.2015
Midtheida vest for (943m) 15.08.2015
Snønyken (1,241m) 15.08.2015
Tivatnet nordøst for (978m) 15.08.2015
Eit av dei flottaste motiva i Nordjord, Saga og Maritind
Eit av dei flottaste motiva i Nordjord, Saga og Maritind

Status Nordfjordlista pf 100 etter dagens legendariske rundtur: 300/309

Om ein vil gå for seg sjølv utan noko tilrettelegging er dette eit fint område. Her møter ein lite folk, terrenget er krevande og til tider vanskeleg å ta seg fram i. Det er og lite info å finne, heilt finfint. Etter litt kartstudier vart valget å prøve ei rute utan noko info. Planen var 5 pf 100 + eit par i 50m-lista. Fleire av desse har ikkje namn på kart, info blir mottatt med interesse.

Parkerte ved Uravatnet og glytta oppver det bratte terrenget. Det kanonfine veret som var meldt var ikkje å sjå, regndropar på ruta. Gjekk bratt oppover i krattskog aust for elva og svinga av sørvestover oppunder fjellet. Hylla var grei å gå heilt opp. På ca 800 tok vi av bratt opp mot Snønyken. Her var det ny kasse og bok sidan sist eg var her. Det er merka rute til Snønyken, denne startar vist i Førde i Ålfoten.
http://ut.no/tur/2.7346/
No hadde det uansett ikkje passa for oss sidan vi hadde denne runden i tankane. Gjekk vidare sørover og kryssa elva i utosen på Litle Snønykevatnet. Torleiv tok sekken min og gjekk til Midtheida medan eg gav full gass for å plukke den ubetydlelige toppen på 940 meter som ligg rett sør for Litle Snønykevatnet. Frå Midtheida gjekk vi runden rundt Langvatnet over toppane 1109, 1198 og 1142. Veldig mykje snø gjorde at vi kunne rennje på skoa lange parti. Ellers klyving opp og ned i hyller og hamrar. Faktisk vurderte vi Saga, men la den på is etter kvart. 8 km og 450 høgdemeter til hadde blitt i drygaste laget. Frå 1142-toppen holdt vi fram nordaustover til den lisje vatnet på 848 moh. Opp mot 980-toppen valgte vi ikkje den enklate ruta, noko som resulterte i spennande klyving. Vanvittig god friksjon i fjellet der ute. Skoa sit som spikra. Så var det berre å rusle høgda nordover og ned i hylla, inn på ruta vi gjekk opp. Ein kjempeflott rundtur totalt utanfor allfarveg, sjølvsagt utan å møte ein kjeft.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.