Telttur på Løysingevatnet (07.08.2015)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Sigrona (300m)
Endpoint Sigrona
Characteristic Hillwalk
Duration 40h 00min
Distance 10.0km
Vertical meters 550m
Map
Ascents Kvituregga (760m) 07.08.2015
Trongedalsnipa vest for (757m) 07.08.2015

Det var på tide med den tradisjonelle teltturen til meg og nevøen min, Christopher. Dette var tredje ekspedisjon for fiske og teltovernatting i Stårheimsdalen, og turen denne gongen gjekk til Løysingevatnet.

Vi starta klokka 18 frå veienden ved Sigrona i fint sommarvær - ein av dei få fine dagane hittill denne sommaren. Det gjekk radig opp til Indre Fannstøylen, der vi tok første sjokoladepause. Herifrå såg vi også kveldens mål for første gong.

Fjellet er den vegen! Vi er klare for alt.
Fjellet er den vegen! Vi er klare for alt.

Eg hadde ein tanke om at det gjekk sti herifrå og vidare innover dalen. Det gjer det kanskje også, men vi fann den ikkje. Difor vart taktikken å kome seg rett over på stien på andre sida av elva. Her vart det litt roting i myrlendt skog, samt ei litt spennande elvekryssing. Etter ei stund nådde vi stien, og vi tok ei ny pause der stien tek av mot Furukleivvatnet (Langevatnet på kartet). Furukleivvatnet hadde vore min plan B om det skulle vise seg å verte litt langt til Løysingevatnet, men herifrå var det no kortare til Løysingevatnet.

Chris navigerar stødig over elva.
Chris navigerar stødig over elva.

Stien vidare var fin - det vart tørrare med fin stigning mot siste brattebakken. Det byrja no å bli litt seint, så det var bra vi snart var framme. Siste bakken opp til demninga gjekk raskt, og vi såg utover det flotte Løysingevatnet klokka 21:30.

Blåfjellet er høgste fjellet i dalen. Kanskje ein dag...?
Blåfjellet er høgste fjellet i dalen. Kanskje ein dag...?

Eg slo opp teltet ved hytta som ligg der, og Chris la seg i soveposen medan eg skulle fyre opp bål. Sidan eg ikkje hadde kokeapparat med på ferie satsa eg på å koke vatn på bålet. Middag skulle vere Real Turmat. Problemet var at bålet var klin umogleg å få fyr på. Sjølv om eg "lånte" nokre fliser opptenningsved frå hytta. Anten hadde grua særs ufordelaktige trekkforhold, ellers har eg gløymt alt eg nokon gong lærte på speidar. Redninga vart skjevene vi hadde tatt med oss. Det ana meg at denne turen kom til å bli noko mager i matvegen.

Noko suboptimalt vær på dag 2.
Noko suboptimalt vær på dag 2.

Chris la seg klokka 23. Eg fiska ein times tid, som vanleg utan å få fisk, før eg la meg sjølv. Neste dag skulle det vere sol.

Neste dag vakna vi klokka 10 (!). Det regna på teltduken, og det einaste som drog meg ut av soveposen var håpet om å kunne koke meg ein kopp kaffi. Men ikkje søren om det bålet ville brenne. Vi gnafsa i oss resten av skjevene, og sette snuten heimover.

Ein må jo ta med nokon toppar når ein først er på tur, så vi la vegen over Trongedalsnipa Vest og Kvituregga før vi følde ryggen ned mot Indre Fannstøylen. Ved Botnavatnet møtte vi nokon hyggelige og nyskjerrige kviger, før vi rusla sjarmøretappen tilbake til parkeringsplassen.

Artig å balansere på steinar i høgda!
Artig å balansere på steinar i høgda!
Snø midt på sommaren? Milde makaroni!
Snø midt på sommaren? Milde makaroni!
Oh yeah, klyving!
Oh yeah, klyving!
Dette var ein skikkelig fjelltur med rundt ei mil marsj med sekk i ulendt terreng, ofte utan sti, og rimelig variabelt vær. Bra jobba Christopher!
Mø? Norsk søtt fe
Mø? Norsk søtt fe

User comments

  • -
    avatar

    God innsats!

    Written by boven 25.08.2015 19:33

    Viktig rekrutteringsarbeid! Godt å sjå at du tek dette på høgste alvor!

    • -
      avatar

      Sv: God innsats!

      Written by kobbenes 25.08.2015 21:38

      Hehe, ja ein kan ikkje drage stigen opp etter seg.

      Dessutan ventar vi ein liten ein kring nyttår, så greit å få litt trening ;-) Om du har nokon gode tips angåande ungar og tur så tar eg gjerne imot! Det ser ut som du har har bygd opp god kompetanse på emnet.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.