Vågå: Trollhøe (07.08.2015)
Written by boven (Ove Lotsberg)
Start point | Kalven Seter (870m) |
---|---|
Endpoint | Kalven Seter (870m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 2h 04min |
Distance | 7.4km |
Vertical meters | 500m |
Map |
Ascents | Trollhøe (1,370m) | 07.08.2015 |
---|
På vei heimover frå siste sommartur til Nordmøre og Oppdal plukka vi Trollhøe. Vi var leie av å kjøyre nedover M&R så då passa det med ein tur over Dovre og Strynefjellet. Kom fram til Lemonsjøen i halvåttetida. Det var sjølvsagt stengt av på parkeringa til skitrekket, så vi kjøyrde tilbake og prøvde ein rasteplass. Her var det ikkje lov å overnatte, så vi kjøyrde enno lenger til eit skilt med CAMPING KR 100 på nedsida av veien.
Dagen etter rusla vi til Trollhøe i bedagelig tempo. Gjekk ruta som arntfla (Arnt Flatmo) har beskrive. Veldig fint og lett å finne fram. Ein kar holdt på med stutten og slo noko gras der stien starta. Seinare møtte vi han igjen med stikker, han holdt på med merking rundt om. Slo av ein prat med han. Det bles ein del på toppen men fin temperatur og godt ver. Tok same vegen nedigjen. Tok ein titt inn i den urbane kaffibaren på Kalven Seter. Lise kjøpte kaffi og noko goodies. Her var det ikkje meir folksomt enn at ein kunne ha kontroll på sosialangsten. Litt vemod sidan dette var siste turen denne sommaren. Vi har hatt 5 mnd fri saman og fått gjort mykje morro. Men no var det altså tilbake til kvardagen med arbeid og barnehage. Takk til dei som har vore med på turar i denne lange perioden!
User comments