Sunndal: Litlhøa, Mardølhøa og Saudalshøa (05.08.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Vangshaugen (740m)
Endpoint Vangshaugen (740m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 49min
Distance 15.0km
Vertical meters 1,000m
Map
Ascents Litlhøa (1,443m) 05.08.2015
Mardølhøa (1,440m) 05.08.2015
Saudalshøa (1,288m) 05.08.2015
Opp frå Vangshaugen
Opp frå Vangshaugen
Vinjar testar varden på Litlhøa
Vinjar testar varden på Litlhøa

Vi parkerte på Vangshaugen og brukte lang tid før vi kom oss avgarde. Gjekk til slutt over den veldig smale steinbrua og tok av med ein gong til høgre over myrar og forbi mange hytter. Stien til Hjelle/Gjøra skal ikkje være merka iflg skilt på Vangshaugen. Vi vart difor veldig i tvil kvar vi skulle gå. Tok til slutt av opp ein vei til ei hytte, men det var sjølvsagt feil. Istadenfor for å gå nedover igjen gjekk vi på skrå bortover lia eit stykke til vi møtte ein veldig god sti. Denne var merka oppover mot Mardølhøa, men forsvann etterkvart. Gjekk oss på 3 stk som sat ved stien og kosa seg. Det var biologar på feltoppdrag, fjelltur med betaling. Enda til slutt på Litlhøa etter ein matpause på Mardølhøa. På returen gjekk vi nordom både Mardølhøa og Kvannfjellet. Her fann vi fleire snøparti som sparte oss for veldig mykje gåing. I tillegg skrattar Vinjar veldig av snøfelta. Berre synet gjer at han ler, og enno meir moro blir det når vi sklir nedover. Ved vatn nr 2 aust for Mikkeltjønna møtte vi eit par. Han hadde fått ein kjempeflott fisk på første kastet sa han, men eg såg hverken stang eller fisk så trur det var ei skrøne. Frå Saudalshøa gjekk vi tilbake mot stien til Hjelle/Gjøra og fulgte denne nedover. Rota rundt i hyttefeltet der og kryssa elva 2 gongar før vi bestemde oss for å følgje stien ut der vi kom. Her stod det faktisk skilt til Hjelle/Gjøra. Flott tur i fint ver og fin temperatur.

Stor humor med snøpartia
Stor humor med snøpartia
Frå Saudalshøa
Frå Saudalshøa

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.