Sunndal/Surnadal: Viromkjerringa (04.08.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Virom (190m)
Endpoint Virom (190m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Distance 11.5km
Vertical meters 1,215m
Map
Ascents Viromkjerringa (1,374m) 04.08.2015
Lise og Vinjar kavar seg opp lia frå Virom, på heilt grei sti. Merka er den og!
Lise og Vinjar kavar seg opp lia frå Virom, på heilt grei sti. Merka er den og!

Vi kom frå overnatting ved kyrkja på Ålvundeid. Der var det fint å stå, roleg og fredeleg. Kjøyrde austover opp Viromdalen og parkerte sør for veien i krysset. Gjekk oppover mot dei 2 gardstuna, her kom vi i prat med bonden tilhøyrande det austlege tunet. Han var ein triveleg kar, men når det kom til ruta opp mot Litlråkvatnet hadde han ikkje mykje gode nyheter nei. Der var det bortimot gjenvakse alle plassar. Høgt gras og kratt overalt. Var ein heldige kunne ein finne eit par meter dyretrakk her og der, men det var ikkje noko samanhengande rås å følgje. Vi mista heilt motivasjonen. Etter litt prat og meir spørjing om rute osv, tipsa han oss om å gå litt vestover og følgje skogsveien oppover. Vi så gjorde, og til vår store overrasking kom vi til merka sti etter ei stund. Passerte og ein heilt ok traktor med skogsvinsj som stod forlatt på halvåtte i eit buskas. Merkeleg måte å avslutte skogssesongen på for å seie det pent. Stien kryssa skogsveien eit par gonger og etterkvart fulgte vi den bratt oppgjennom skogen. Ingen problem, merkinga og stien var grei å halde! Ufatteleg, av og til må ein ta lokalbefolkning med ein spade salt. Kom opp til Litleråkvatnet med motivasjon på topp, ca 1.10 opp der i godt driv. Lise bar Vinjar først, no bytta vi bærar. Gjekk på austsida av Litlråkvatnet og bratt opp ein rygg. Kom etterkvart opp på nordryggen til Viromkjerringa, og det var lett vidare til topps. Her var det ny kasse og bok frå i år, 2015. Kassa var merka "De 5 store". Jo Gjeldnes frå Todalen var ein av dei som var med å sette opp denne kassa. Vi møtte han så vidt på butikken i Todalen då vi budde der i april. Han fortalde om eit helsikes ver den dagen dei var oppe, men kassa kom på plass.

Opp mot Viromkjerringa, vi ser over mot Børsetfjellet.
Opp mot Viromkjerringa, vi ser over mot Børsetfjellet.
Vinjar og eg nærmar oss toppen på Viromkjerringa.
Vinjar og eg nærmar oss toppen på Viromkjerringa.
Signering i boka på Viromkjerringa/Kjerringljåen. Ikkje mange namn. Ny kasse og bok i år.
Signering i boka på Viromkjerringa/Kjerringljåen. Ikkje mange namn. Ny kasse og bok i år.

Returen same veien ned til Litlråkvatnet. Her slappa Vinjar og eg av ved hyttene medan Lise plukka Børsetfjellet. Denne var eg på før i år. Surnadal/Sunndal: Todalsøra -> Ålvundeid Ein kar kom bærande med materiale til eine hytta, og litt etter kom kona og sonen. Kona var frå Virom, mannen frå Ålesundsområdet. Vi prata lenge med dei. Dei lurte på kvar vi kom frå, og kva i all verden som lokka oss frå Nordfjord til Sunndalsområdet. Desse spørsmåla vi er blitt vant til. Det var vist ikkje mykje lokalbefolkning som gjekk i fjella, det var lite fokus på trening og helse i byggefeltet på Ålvundeid. Guten deira kom med ein fin leikebil til Vinjar, han hadde vist vakse frå den. Veldig snillt gjort å gje den vekk, Vinjar vart kjempeøsen for denne. Så rusla vi same stien ned til Virom. Lokalkaren var ikkje å sjå no. Dette var ein veldig fin tur!

Viromkjerringa, vi startar nedfarten.
Viromkjerringa, vi startar nedfarten.
Mot Ålvundeid
Mot Ålvundeid
Vinjar med ny bil som han fekk med Eskild.
Vinjar med ny bil som han fekk med Eskild.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.