Trollvasstinden og omegn (04.08.2015)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Laurdalssætra (350m)
Endpoint Laurdalssætra
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 30min
Distance 13.0km
Map
Ascents Bytingstinden (1,260m) 04.08.2015
Frøhornet (1,001m) 04.08.2015
Geitmjølkhornet (1,230m) 04.08.2015
Litletuva (898m) 04.08.2015
Storetuva (1,010m) 04.08.2015
Trollvasstinden (1,285m) 04.08.2015
Vassendfjellet (1,141m) 04.08.2015

Det finnast mange typar turar: familieturar, alpinturar, klatreturar, koseturar etc etc. Men eg har i det siste oppdaga aleinegangen; soloturen. All den tid Peakbook dominerast av menn som har eit over-gjennomsnittleg entusiastisk forhold til å rote rundt på fjellet treng eg ikkje å utbrodere aleinegongen for mykje. Eg skal avgrense meg til å seie at det gir ein eigen tilfredstillelse i å kun ha eigen kropp og vurderingsevne som barriere for korleis turen forløper. Ein kort sagt spenner på seg skoa, finn ei rute som kan passe i høve til omfang, risiko etc., også er det berre å dundre på!

Med to vekers sommarferie i Noreg i år, og rimelig bra vær, hadde eg sett meg ut eit par potensielle kandidatar for aleinegong. Eg valde Trollevasstinden, både fordi den framsto som ein flott og noko alpin topp med ei uproblematisk rute, med ein framifrå primærfaktor, og i eit område eg har hatt lyst å utforske meir: fjella mellom Stigedalen, Bjørkedalen og Dalsfjorden. Dessutan var det moglegheiter til å teste seg litt på kapasitet ved å ta med seg litt fleire peakbook-element. Svolten etter to år i New England var stor.

Interessefeltet byrjar å vise seg. Nam nam...
Interessefeltet byrjar å vise seg. Nam nam...

Eg parkerte rett nedanfor Lauralssætra. Storetoren, Lisjetoren og Felden er så flotte og monumentale at det ikkje er til å tru.

Storetoren og Lisjetoren. Fin gjeng.
Storetoren og Lisjetoren. Fin gjeng.

Eg tok sikte på skaret mellom Storetuva og Litletuva. Eg fann ingen sti, men det var greit å gå opp bjørkeskogen. Eg lurte litt på kva som var kjappaste rute, og sidan eg var noko usikker på om eg hadde retning mot Sandviksdalen eller Tuvedalen drog eg meg mot ryggen til venstre (vest). Det vart etterkvart klart at eg var på veg opp Storetuva, og sidan eg hadde tenkt på ta med Frøhornet på runden min var det greit å gjere det no.

Eg kom noko langt opp på Storetuva der eg gjekk bratt ned til dalen mellom Frøhornet og Storetuva, før eg byrja på dagens argaste oppoverbakke opp til Frøhornet. Her var det flott utsikt mot Felden. Sjølv om Frøhornet er beskjeden i forhold til naboane var det igrunnen ein fin topp.

Raskt nedatt og klyving opp til Storetuva. Så ned snøfonner på nordsida før den lange og slake oppfarta til Bytningstinden.

Her kom høgdemeterane utan at ein merka det, over noko ur og snøfonner, så stod eg på flotte Bytningstinden, som har fått den uheldige skjebnen å vere 25 meter lavare enn naboen.

Egga mellom Bytningstinden og Trollevasstinden såg fin ut, og eg forsøkte meg på litt rangling. Ned frå Bytninstinden måtte eg omgå nokre hamrar til venstre (vest), men ut på egga var det riktig så fornøyelig jogge-klyving. YOLO!

Egga mellom Trollevasstinden og Bytingstinden
Egga mellom Trollevasstinden og Bytingstinden

På Trollevasstinden tok eg ein rast og naut panoramaet. Veldig artig å sjå distriktet frå denne vinkelen: herifrå var eg midt mellom Sunnmøre og Nordfjord. Mot nord hadde eg heile Sunmørsalpane, samt mine barndoms fjell på ytre sunnmøre. Til venstre hadde eg alpine fjell i Stryn, Gjegnen, Hornelen samt dei staute Torane og Felden som næraste nabo.

Storetoren, Lisjetoren og Felden. Storetuva og Frøhornet i framgrunnen
Storetoren, Lisjetoren og Felden. Storetuva og Frøhornet i framgrunnen
Mot Austefjorden, med Skårasalen, Slogen, Jakta etc etc i det fjerne
Mot Austefjorden, med Skårasalen, Slogen, Jakta etc etc i det fjerne

Eg kika mot Kvassehornet, som dannar nordaust-egga på Trollvasstinden. Då denne har vore omtala som bratt våga eg meg ikkje dit, men i etterpåuklokskapens navn skulle eg kanskje tatt ein kik?

Mot Kvassehornet. Bjørkedalen langt der nede.
Mot Kvassehornet. Bjørkedalen langt der nede.
Geitmjølkhornet
Geitmjølkhornet

Så rusla eg innom Geitmjølkhornet før eg gjekk egga tilbake til Bytningstinden. Denne gongen gjekk eg direkte opp hamrane eg hadde omgått tidligare, og dei gav nydelig klyving.

Trollvasstinden og Bytningstinden sett frå Geitmjølkhornet. Fin gjeng dette også!
Trollvasstinden og Bytningstinden sett frå Geitmjølkhornet. Fin gjeng dette også!

Deretter lot eg meg friste til å springe innom Vassendfjellet, med flott utsikt over Bjørkedalen, Kilspollen og Volda, før det gjekk bratt ned mot Sandviksdalen, og via Litltuva tilbake til Laurdalssætra.

Trollvasstindmassivet sett frå Hyrnene: Bytingstinden, Trollvasstinden og Kvasseegga
Trollvasstindmassivet sett frå Hyrnene: Bytingstinden, Trollvasstinden og Kvasseegga
Mot Kilspollen, Austefjorden, med Ørstapanoramaet i bakgrunnen
Mot Kilspollen, Austefjorden, med Ørstapanoramaet i bakgrunnen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.