Tingvoll/Sunndal: Hufatet (03.08.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Hafstadvatnet (160m)
Endpoint Hafstadvatnet (160m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 30min
Distance 8.0km
Vertical meters 700m
Map
Ascents Hufatet (842m) 03.08.2015
Bubilliv på parkering Hufatet.
Bubilliv på parkering Hufatet.

Denne dagen delte vi opp...Lise gjekk ein tur; Hafstadvatnet til Hufatet, Flånebba, Smisetnebba og ned til Smiset. Vinjar og eg gjekk Hufatet tur retur frå Hafstadvatnet. Og til slutt gjekk eg åleine frå Smiset Tingvoll/Sunndal: Smisetnebba mm. Tingvoll pf 100 komplett

Vi kom til Hafstadvatnet og parkerte på ei lita lomme der den merka ruta til Hufatet startar. Tok tidleg kveld, men etter vi la oss var det eit fæla show utanfor med traktor, atv, sauer og masse gauling og folk. Å få desse sauene inn i den innhegninga var ikkje lett, så mykje forstod vi på ordvalget utanfor. Til slutt gav dei opp og det vart stille. Vi møtte 2 av dei dagen etter og kunne fortelje om underhaldninga frå bubilen.

Vakna til kjempever. Ei dame med 5 ungar stod klar til å ta fatt på tur til Flånebba. 5 ungar! Steik, ho fekk skryt for arbeidet med oss. Eldstemann, i 15-16 årsalderen, var ikkje veldig motivert. Han prata i mobiltelefon medan han gaula drittungar til dei yngre søskena sine. Seinare møtte Lise denne karen og prata med han på 2-mannshand. Då fekk han retta opp i det inntrykket!

Turen til Hufatet er enkel. Vi fulgte sti oppover. Tok igjen dama med ungane og tok av mot Hufatet etter tips frå ho. Det var litt før merkinga, så vi knota litt der. Lise stoppa ikkje lenge på toppen, ho skulle vidare. Vinjar og eg tulla rundt lenge og kosa oss i fineveret. Vi hadde veldig god tid. Rusla nedover til bubilen igjen og kjøyrde til Smiset og venta på Lise.

Stistart ved Hafstadvatnet
Stistart ved Hafstadvatnet
Vidare merking oppe i lia.
Vidare merking oppe i lia.
Siste metrane til Hufatet
Siste metrane til Hufatet
Flott dag på Nordmøre. Vinjar og eg slappar av på Hufatet medan Lise går vidare.
Flott dag på Nordmøre. Vinjar og eg slappar av på Hufatet medan Lise går vidare.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.