Hornelen (02.08.2015)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Map
Ascents Hornelen (858m) 02.08.2015
Vestre Hornelen (889m) 02.08.2015
Visits of other PBEs Hornskor p-plass (15m) 02.08.2015

Eg og Pappa har lenge snakka om å gå på Hornelen - denne monumentale sjøklippa som ein kan sjå frå stort sett alle kantar mellom Ålesund og Florø. Heksefjell, høgste sjøklippe i nordvesteuropa, med Olav Tryggvasson som førstebestigar av den overhengande aust-veggen; det er mange gode grunnar til å gå på Hornelen. Vi tykte det verka som ein veldig fin tur. Og når det dukka opp ein dag med 15 grader og skiftande skydekke, så var det ikkje anna enn ei gyllen anledning sett gjennom sommaren 2015 sine solbriller. Riktig nok kosta bygene hardt over bilen på veg frå Stårheim til Måløy (Skatestraumtunellen var framleis stengt etter tankbilbrannen nokre veker før). Men Yr.no lova relativt strålande sol over heile Nordfjord!

Majesteten viser seg
Majesteten viser seg

På veg over med ferga klarna det også opp. Men skodda låg framleis over toppane då vi gjekk frå Hornskor. Det var noko sleipt oppover, men det gjekk relativt stødig opp til platået ved Nonsnakken.

På veg opp forbi Elvane.
På veg opp forbi Elvane.

Når vi kom opp hit såg eg for alvor det enorme klatrepotensialet i desse fjella. Eg har høyrt at friksjonen i konglomeraten er særlig god. Eg har tilogmed høyrt at det finnast ruter og klatring her ute. Men at det skulle vere så flott visste eg ikkje. Den som gidd å ta anmarsjen vil kunne boltre seg på eit skikkelig premie-crag med nydelige og velsikra formasjonar i mange ulike grader og lengder på nordveggen av Svartevassegga.

Nordveggen på Svartevassegga. Kor mange potensielle kremruter kan du finne?
Nordveggen på Svartevassegga. Kor mange potensielle kremruter kan du finne?

Så byrja den meir kjedelige delen av turen: den lange ur-trasken forbi Svartevassegga mot Hornelen. Skodda var no heilt vekk, og vi møtte nokre lag på veg ned som ikkje hadde hatt utsikt på toppen. Somme tider løner det seg med træg start.

Men litt etter litt var vi framme, og det spektakulære stupet openbarte seg. Eg hadde faktisk ikkje trudd at det var så overhengande. Brutale saker! Det vart fotosession og generelt god stemning.

Pappa på toppen, så nær kanten som du får han.
Pappa på toppen, så nær kanten som du får han.

Vi naut utsikta både utover mot Bremanger og Vågsøy, og det spektakulære landskapet innover mot Ålfoten. Det er så mange overhengande, stupbratte, høge, alpine, knallharde klatreveggar i dette landskapet at einkvar ambisiøs og eventyrlysten alpinist kan tilbringe eit heilt liv i Bremanger Kommune!

Mot Bremangerlandet, Husevågøy og Vågsøy
Mot Bremangerlandet, Husevågøy og Vågsøy
For eit eventyrlig landskap i Bremanger! Saga, Plogen, Keipen etc etc.
For eit eventyrlig landskap i Bremanger! Saga, Plogen, Keipen etc etc.

Den overhengande austveggen på Hornelen i seg sjølv er knallfin, velsikra og kompakt for ein norsk Dean Potter til å gjere reint bord!

Den overhengande toppveggen på Hornelen sørtoppen. Den perfekte klatrevegg?
Den overhengande toppveggen på Hornelen sørtoppen. Den perfekte klatrevegg?

Vel vel, vi gjekk etter kvart ned att, og hadde dei solgt svele på ferga hadde vi feira med det.

Når Bremanger oppdagast som klatredestinasjon vert kirkegården på Hornskor kanskje like legendarisk som den i Chamonix?
Når Bremanger oppdagast som klatredestinasjon vert kirkegården på Hornskor kanskje like legendarisk som den i Chamonix?
Ser ut som Adam Ondra må legge vegen om ytre Ytre Nordfjord på neste raid. Klovningen ser ut som ei passelig utfordring.
Ser ut som Adam Ondra må legge vegen om ytre Ytre Nordfjord på neste raid. Klovningen ser ut som ei passelig utfordring.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.