Skisenter i Belgia! (21.07.2011)

Written by HåkonL (Håkon Lie) GSM

Map
Ascents Signal de Botrange (694m) 21.07.2011

Eg og min gode kamerat, Sindre Høgset var på tur til Tour de France. Og på vegen dit plukka me med oss nokre nasjonstoppar. Dei to fyrste var Danmark og Nederland.

Når me omsider hadde kome ut av labyrinten på Nederlands høgaste topp, sett me kursen mot Belgia. Det var ikkje lange avstanden mellom desse toppane og på gode vegar gjekk det fort. Det var også betre skilta her enn det var i Nederland, eller me fann det i allefall fortare. Me stoppa på ei grusparkering på toppen. Det kan sjå ut som om det er eit skisenter her om vinteren, visste ikkje at det var snø i Belgia ein gong eg.

Me gjekk rundt for å vere sikkre på at me hadde vore på det høgaste punktet. Det er også ei oppbygd trapp, me var på toppen her også, sjølv om dette punktet ikkje reknast, sidan det er menneskeskapa. Og i nasjonstoppreglane er det berre det naturlege høgaste punktet som gjeld. For om ein hadde rekna med menneskeskapa hadde dei høgaste bygga i Nederland og Belgia også vore det høgaste punktet i landa.

Me peila olja og sette kursen mot byen Spa, for å få tak i litt mat og sjå på Formel 1 banen der.

Toppen av Belgia!
Toppen av Belgia!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.