Rogalandsraid - Karmøy! (11.08.2014)

Written by HåkonL (Håkon Lie)

Map
Ascents Dyrafjellet (171m) 11.08.2014

Nokre helger før skulen skulle starte att, fann eg ut at eg hadde fri og såg difor at eg hadde moglegheit for nokre kommunetoppar. Sidan eg aldri hadde vore i Haugesund, passa det fint med ein tur over fjellet. I dette distriktet er det også mange toppar som ligg på rad og rekkje. Dei tek heller ikkje så lang tid å bestige. Difor fann eg ut at ein overnattingstur kunne vere fint. Haugesund og Karmøy var målet den fyrste dagen, planen dagen etter var å ta så mange toppar på vegen til Stavanger som eg kunne. Og kanskje kunne det vere moglegheiter for ein tur til Noregs minste kommune, Utsira. (Måla i folketal, Kvitsøy er mindre i areal).

Turen gjekk difor frå Åmdals Verk, over Haukelifjell på E134. Eg kom då på E134 og tok av i Skre mot Kolnes. Køyrde vidare litt inn i byggefeltet og parkera på ein eigna stad, og gjekk opp til toppen herifrå utan sti. Mykje vind på toppen, eg var på beggen toppane her, berre for å vere sikker på at eg var på det høgaste punktet. For det var litt vanskeleg å sei kva for ein som var høgast.

Eg tok meg vidare ein køyretur til sjølve Karmøy, øya. Her var eg innom stader som Avaldsnes, Åkrahamn og SKudneshamn. Det som ut som triveleg stader. Men det var litt ufyseleg vêr med mykje vind og rekn. Brua over frå Haugesund til Karmøy var difor litt skummel å køyre for eg kjende at det tok tak i heile bilen. Men gode gamle Golf'n haldt seg på vegen. Turen gjekk vidare til Haugsund kommune sin høgaste topp.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.