To 100pf-toppar i Seljord (31.07.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Distance 8.0km
Vertical meters 569m
Map
Ascents Bindingsnuten (768m) 31.07.2015
Torsnut (820m) 31.07.2015
Kald morgon på hytta, men med strålande sol, og når vinden gav seg litt, blei turværet perfekt. Vi køyrde til Nutheim, tok Åsanvegen heilt opp i tunet til Nordre Åsan. Snakka litt med eigaren som eg har møtt nokre gonger før, og parkerte der traktorvegen startar vidare oppover bakkane. Gjekk denne bratte, men fine vegen til endes. Då stig vidare, gamle raudmerke, men lett synleg stig. I skaret som går aust-vest mellom Bindingsnuten og Torsnut, svingar stigen sørover mot Bindingsnuten. Bratt opp og ut på noko som Må vere eit av dei finaste utkikkspunkta i Telemark. Mælefjell, Flatdal og Skorve er bretta ut framfor ein. Vi brukte 50 minutt opp. Eg gjekk derifrå i forkant, for tenkte å få med meg Torsnut også. I skardet mellom nutane tok eg av mot nord, og fann farbare renner og drag heilt opp. Når ein kjem til ei ur i ei renne der, følgde eg denne litt for langt opp, og måte småklyve meg innpå toppen derifrå. Det er lurere å krysse denne ura lengre nede og følgje ei lyngrenne opp til venstre. Då slepp ein klatringa. Eg gjekk opp på den luftige svatoppen lengst sør først, men var litt usikker på om denne er høgast, finast ja, men nordtoppen så høgare ut, så eg gjekk bort til den også. Ingen varde der, så eg stilte fire steinar opp på eit berg til nestemann. Tok same ruta tilbake, og då fekk eg auge på ei nedrasa trigstang på første toppen. Fann lyngrenna denne gongen, og krongla meg greitt ned til stigen. Tom og Uncas venta på meg der traktorvegen starta. Brukte ca 2 timar og 15 minutt på turen inkl pause. 569 hm. Gløymde å slå av tripteljaren før vi sat i bilen, men tenkjer kanskje at det var ein 8 km? Tom og Uncas var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.