Gjemnes/Eide: Skredfjellet (26.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Gaupset (85m)
Endpoint Gaupset (85m)
Characteristic Hillwalk
Duration 1h 57min
Distance 6.3km
Vertical meters 750m
Map
Ascents Skredfjellet (821m) 26.07.2015
Frå Skredfjellet mot Harstadfjellet
Frå Skredfjellet mot Harstadfjellet
Opp mot sørryggen på Skredfjellet
Opp mot sørryggen på Skredfjellet

Lite info å finne om denne enslige toppen. Ikkje enkel å kombinere på effektivt vis med andre toppar. Parkerte ved dei knappe svingane på Gaupset. Fulgte skogsveien oppover til endes. Her tok det overraskande nok av ein heilt ok sti som eg fulgte til skoggrensa. Stien går på nordsida av Tørrisbekken. Kryssa etter kvart denne og peila meg inn på sørryggen til Skredfjellet. Det ser veldig bratt ut opp alle plassar frå botnen, men her er ein plass det gjekk heilt fint. Bratt opp nokre hyller men ikkje vanskeleg eller noko slikt. Kom opp på ryggen knappe 100 høgdemeter frå toppen. Rusla den siste biten oppover på dyretrakk. 1.10 til topps. Svært fornøgd med dette rutevalget, som kan anbefalast.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.