Den siste turen på Tromsraidet var kanskje den beste? (25.07.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Distance 9.0km
Vertical meters 1,127m
Map
Ascents Vassbruntinden (1,202m) 25.07.2015
Etter å ha overnatta på hotell i Finnsnes (deilig etter teltovernattinga natta før), drog vi til Tårnvatn og så til garden Rognli der det var parkeringsplass. Bomvegen kostar kr 40. Raudmerkt stig frå parkeringsplassen. Vi starta kl 1130 i overskya vêr. Turen let seg greitt dele inn i fire etappar. Først ca 400 høgdemeter i svært bratt, men også svært vakker bjørkeli, med nydeleg botnvegetasjon. Der skogen sluttar går fin stig på tvers av lia bort til dalen der stigen går oppover ein bratt lyngbakke. Her gjekk vi inn i skylaget. Bratt oppover på gras/lyngunderlag i 300 høgdemeter til. Og så byrja skylaget å lette! Dei neste 200 høgdemetrane gjekk på greit stein- og snøunderlag og etterkvart i nydeleg solskin. Vi kom opp på svart tundramark på ein måte. Svar mose og småstein. Og så gjekk vi bratt opp til høgre mot toppen. Her var det ein del snø, litt ur, men stort sett greitt merkt stig. Dette bratte partiet dekte også ca 200 høgdemeter. Toppen var underskjønn! Ein ganske brei rygg med sandsti på midten, der toppunktet ligg i nordre enden med varde heilt ute på stupet. Det er to vardar til oppe på ryggen, og vi gjekk bort til den midtre og litt vidare. Det var som å gå tur på verdas tak, for dei kvite skyene låg som eit hav rundt oss med dei høgaste toppane på Senja stikkande opp som nunatakkar. Nabofjella stakk også opp, og medan vi var der oppe (pause på 1,5 time) letta det meir og meir. Det var så varmt at ein måtte kle AV seg, og det einaste som trekte ned var litt insekt. Det kom tre lokalkjende opp medan vi var der oppe, men dei gjekk før vi omsider var klare til å vandre nedover att. Eirik som gjekk først greidde å følgje feil raudmerkt løype i retning Blåtinden i nordvest, dermed fekk vi ei ekstra sløyfe på heimturen. Utruleg vakker nedtur, med grøne bakkar og Tårnvatnet framfor oss. Vel nede gjekk vi ned til vatnet og bada ved den vesle stranda i vatn som absolutt var til å tolerere. Rett og slett ein perfekt tur. 9 km, 1127 høgdemeter og ca 3 timar og 45 minutts gange + laaang pause på toppen. Anne og Eirik var med.

User comments

  • -
    avatar

    Godfølelse

    Written by anneirik 12.08.2015 23:41

    Nydelig beskrevet, Kristin! Kjenner igjen og gjenopplever turen når jeg leser. Det var en flott topp, ja!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.