Eide/Gjemnes: Storrunde frå Ugelstad (25.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Ugelstad (65m)
Endpoint Ugelstad (65m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 27min
Distance 20.9km
Vertical meters 1,980m
Map
Ascents Gongrøra (835m) 25.07.2015
Lågåsen (677m) 25.07.2015
Midtpiken (882m) 25.07.2015
Seterfjellet (678m) 25.07.2015
Seterfjellet (618m) 25.07.2015
Snøtinden (1,027m) 25.07.2015
Stortussen (1,026m) 25.07.2015
Sørtussen (907m) 25.07.2015
Folksomt på Snøtinden i dag
Folksomt på Snøtinden i dag

Det er bomveg frå Ugelstad. Eg parkerte der nede sidan eg hadde ein rundturplan. Gjekk veien oppover, fleire bilar kjøyrde forbi meg. Til mi store glede var det skilta Seterfjellet og god sti over Ugelstadmyra. Frå Seterfjellet på god sti ned i Kjølaskardet. Her sat det ein gjeng...ein kar med hovudplagg utmerka seg. BF!!! Ja eg trudde nesten ikkje mine eigne auge. Forsvarets BF tenkt til svinkalde dagar. 15 grader, shorts og svettebyger for meg. Oppover lia var det svarttrakka sti, over Gongrøra og heilt til topps på Snøtinden. Her var det rett folksomt 10-12 damer og ein enslig hane. Skylaget låg nedpå og tok utsikta. Gjekk vidare egga til Stortussen, bratt ned rett sørover, over Lågåsen og til dagens andre Seterfjell. Då var det Sørtussen igjen. Den fine stien som er teikna inn på kartet eksisterer ikkje, eg fann iallefall berre sporadiske dyretrakk. Rått og kaldt på Sørtussen. Plukka den lisje toppen leger nord før eg gjekk austover mot Tussvatnet. Kom ned til vatn 431 og leita etter stien ned langs Tussafossen. Kryssa elva, det var feil og kryssa tilbake. Stien går på vestsida og er god. Men eg gjekk altfor nær elva. Siste biten rusla eg på vei tilbake til Ugelstad. Kjempeflott rundtur tross lave skyer.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.