Draumetur til kremtopp (21.07.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 7h 00min
Distance 13.3km
Vertical meters 1,298m
Map
Ascents Store Kågtinden (1,229m) 21.07.2015

Trur nesten aldri at eg har gått så fin topptur. Etter overnatting i Skjervøy, starta vi ved traktorvegen rett etter brua frå Kågen til Skjervøy. Følgde t-merkt rute opp til ca 400 moh. Der gjekk vi inn i skylaget over oss. Kom oss over den store kampesteinsmorena nedst i botnen under tinden, og så opp på to store snøfelt, og var heldige etter kvart som fann att vardane. Runda skrått oppover i ura, og ved den første snørenna mista vi ruta og endte med å miste vardane. Vi valde ei rute for høgt opp, men kryssa greitt fleire snørenner og byrja å gå oppover. Og plutseleg var vi gjennom skylaget og såg ned på eit kvitt hav av skyer, men med Lyngsalpane og vår eigen topp svevande over. Himmelsk! Så fann vi heldigvis att dei raude vardane også, og heldt fram oppover ura. Høgdmetrane var ganske seige, på eitt punkt då vi ikkje trudde det kunne vere meir fjell att, hadde vi 250 høgdemeter opp til toppen. Dei siste 200 høgdemetrane var snødekte. Vi rasta i t-skjorte i nesten ein time på toppen av verda, med eit eventyrleg landskap av kvite skyer og store fjell som stakk opp rundt oss. Ned til Skjervøy såg vi byen og havet.
Så gjekk vi i solskin heile vegen ned, og då følgde vi raude merke, der vi hadde mista ruta sette vi opp nye vardar, dei gamle var nok tatt av snøras. Av dyreliv såg vi ryper tre gonger og snurten av nokre rein som forsvann over ein bakke då vi nesten var nede. av folk møtte vi tre. Ein sveitsar som vi møtte då vi nesten nede, han fekk jo flott sol oppover, men dessverre ein skydott rundt toppunktet registrerte vi. Og så møtte vi ein peakbook-kar, vi fann trondos ved å google han då vi kome ned. Han er verkeleg rette mann om ein skal orientere seg i toppane i Skjervøy!
Ein heilt uforgløymeleg dag!
7 timar brukt, 13,2 km, 1298 høgdemeter. Anne og Eirik var med.

User comments

  • -
    avatar

    Flotte bilder...

    Written by knutsverre 18.08.2015 22:55

    Spesielt av tåken som kommer og går. Setter en ekstra spiss på turen. Ren bonus å starte i tåke på en slik tur og å ende oppe med så flott vær på toppen!

  • -
    avatar

    Troms er flott!

    Written by bakken59 22.07.2015 20:47

    Takk for helsing. Ja Store Kågtinden var ei oppleving for livet. Tok flotte bilete som eg skal leggje ut når eg er vel heime. Driv no i kveld og vurderer om eg torer meg på Kvænan på Senja i morgon. Trur i alle fall at eg skal greie meg opp til varden, men det vesle stykket til toppunktet er eg skeptisk til etter beskrivingane. Har du vore der? Og - må eg leggje til - du drar innpå registrerer eg med mange fine turar i Trøndelag.

  • -
    avatar

    Gratulerer Kristin!

    Written by knutsverre 21.07.2015 20:58

    Dette må være en skikkelig kremtopp! Fin og spennende turbeskrivelse. Gleder meg til bilder fra turen! Skal si du er aktiv der oppe i nord. Fortsatt god sommer.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.