Blåfjellet (17.07.2015)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Randabygda idrettsplass (396m)
Endpoint Randabygda idrettsplass (396m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 42min
Distance 10.0km
Vertical meters 650m
GPS
Ascents Blåfjellet (1,003m) 17.07.2015

Flott tur til Blåfjellet på den finaste dagen inneklemt mellom fleire kjølige regnversdagar.

Starta frå Randabygda Idrettsanlegg og knalla oppover ein skogsbilveg som gjekk over i traktorveg og sti etterkvart. For å kome på rett kurs mot Blåfjellet, knalla eg i nordvestleg retning av frå stien.

Flott utsikt frå Blåfjellet! Ut frå graden av varding og stibruk verkar det til å vere lite folk som går her, noko eg finn litt underlig. Men Glitteregga ved sida av - med sine over 1000 meter i primærfaktor - stel vel dei fleste turgåarane.

Knalla nedover i delvis luftlinje mot Ålandsstøylen. Ikkje sti og noko myrete, høge fjellsko eller støvlar er anbefalt her.

Det kunne sjå ut til at det gjekk ein mindre sti oppover frå Randastøylen og mot eit punkt på 917 m.o.h. Eg trur gjerne at dette kan vere ei endå betre rute mot Blåfjellet, utan at eg veit det sikkert.

Batteriet tok slutt nokre hundre meter før turslutt, eg har dermed lagt på litt tid og distanse her.

Fotoseanse her:

På tur oppover. Skaret i bakgrunnen skil Blåfjellet på venstre side og Glitteregga på høgre side.
På tur oppover. Skaret i bakgrunnen skil Blåfjellet på venstre side og Glitteregga på høgre side.
På tur oppover. Utsikt mot Skadevatnet, som eg trur normalt er snøfritt på denne tid.
På tur oppover. Utsikt mot Skadevatnet, som eg trur normalt er snøfritt på denne tid.
Der er dagens turmål, Blåfjellet.
Der er dagens turmål, Blåfjellet.
Utsikt frå Blåfjellet mot Nordfjorden, Randabygda, Tistam, Myklebustbreen m.m.
Utsikt frå Blåfjellet mot Nordfjorden, Randabygda, Tistam, Myklebustbreen m.m.
Utsikt frå Blåfjellet mot Hornindalsvatnet, Nordfjordeid og Eidsfjorden.
Utsikt frå Blåfjellet mot Hornindalsvatnet, Nordfjordeid og Eidsfjorden.
Utsikt frå Blåfjellet mot Hornindalsvatnet og det eg trur er Eidskyrkja.
Utsikt frå Blåfjellet mot Hornindalsvatnet og det eg trur er Eidskyrkja.
På veg ned Daurdalen. Daurdalsvatnet på 750 m.o.h. er delvis snødekt 17. juli.
På veg ned Daurdalen. Daurdalsvatnet på 750 m.o.h. er delvis snødekt 17. juli.
Som vanleg godt å kome ned til seters etter ein topptur på fjellet. Dette er Ålandsstøylen.
Som vanleg godt å kome ned til seters etter ein topptur på fjellet. Dette er Ålandsstøylen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.