Gjemnes: Hoemsmannen, Høglinebba og Heggemslia (15.07.2015)
Geschrieben von boven (Ove Lotsberg)
Besteigungen | Heggemslia (427m) | 15.07.2015 |
---|---|---|
Hoemsmannen (555m) | 15.07.2015 | |
Høglinebba (563m) | 15.07.2015 |
Kom fram til Kinna utpå kvelden og parkerte før eg kom opp til eit flott laftehus og enno eit som var under oppføring. Gjekk opp og møtte ein kar som kunne fortelje om stor arbeidsinnsats for å få det så flott som det no var. Kontrast til mange andre ruskereir og skrotnissar som ein ser og møter rundt om. Det var sjølvsagt greit at eg overnatta på parkeringsplassen hans, men eg måtte forklare litt kva ærend eg var ute i.
Hoemsmannen: 4,88 km - 380 hm - 1 t 14 min - Start 210. Eg valgte å gå denne frå Kinna sjølv om eg ikkje hadde noko sti. Kryssa elva nedafor det flotte laftehuset og fulgte skogsvei eit lite stykke til. Derifrå på måfå til topps. Var innom eit par dyretrakk, men enkelt å finne fram i åpen skog.
Høglinebba: 3,82 km - 408 hm - 1 t 5 min - Start 165. Gjekk denne med start opp skogsveien litt nedanfor Kinna. Kom opp til eit veidele der eg tok til venstre, den veien slutta ganske kjappt. Den til høgre såg ut til å ende i buskas, men er nok den som går lengst. Uansett ikkje vanskeleg i åpen skog opp på kanten, og så lett nordaustover til toppen.
Heggemslia: 3,6 km - 245 hm - 45 min - Start 185. Denne tok eg frå krysset i aust. Her er det ikkje noko boligområde eller forklaringsproblem. Parkerte på ein lomme 20 meter sør for krysset. Det er mykje granfelt rundt denne knollen, det unngikk eg med denne ruta som eg trur er heilt ok. (utan at eg veit noko om alternativa)
Benutzerkommentare